Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Hjelmelands-presten og hinmannen

Hjelmelands-presten preika ein sundag i Aardals kyrkja. Det var og ein mann som kunde meir en mata seg; han hadde vore i nedgangsskulen og lært svarteboki. Best som han stod paa stolen den sundagen, kjende han det paa seg at det stod gale til heime. So bad han folket orsaka, og sprang so ned av preikestolen og ut or kyrkja. Der fekk han i hesten sin og reid av stad so fort som det lét seg gjera.

Heime hadde det gjenge sameleis som dei fyrre staderne, at prestkona uvilja hadde løyst vondemannen. Fyrr ho visste av nokon ting, kom hin springande og spurde kva ho vilde.

Prestkona styrde han til presten, og av stad laut han; for han lyt alltid lyda naar dei styrer han ein stad. Daa presten var komen mest til Sande, kom hinmannen til møtes med honom; han kom rennande paa berget lik ein orm.

Presten vilde hava ei tid og laga seg til fyrr han gav seg i strid med hinmannen. Difyr sa han honom fyre sume ting. Det eine var at han skulde leggja tog av sand. Den vonde gjorde seg blid og spurde um han ikkje kunde faa ein kopp med tjora. «Nei,» sa presten; «gjer det som du er fyre sagd, og det fort.» So får han ned i fora og gav seg til aa spinna. Han fekk lagt eit par famnar og, men daa rauk det av. Det andre var eit arbeid som aaleita han meir; han skulde taka eit hæresaald og bera full løda av vatn; for no var presten og hinmannen komne heim til prestagarden. Kvar gong han daa kom upp aat loda, var saaldet tomt; vatnet hadde runne ned paa vegen. Daa vart hin so reint yvergjeven at han sette seg paa ein stein og gret. So gjekk han inn til presten og sa at no hadde han lagt han fyre eit arbeid som var ugjerande. Presten vilde hava fred endaa eit bil og bad han ganga ned aat strandi og byggja ei bru tvert yver sundet til Umbo, og den skulde han byggja av sand. Hin gjekk og gav seg til aa byggja; men kor god bygningsmann han var, so fekk han ikkje dette til; sanden flaut ut-yver i vatnet so fort som han fekk’n nedi. Daa vart han harm og gjekk inn til presten. «Hev du ikkje anna aa setja meg til, so vil eg taka deg,» sa han. «Nei no hev eg ikkje meir arbeid aat deg; men no vil eg binda deg,» sa presten. «Du var den rette til aa binda meg, du, din tjuv!» sa hinmannen. «Kva hev eg stole?» sa presten. «Du hev stole ei bok,» sa hin. «Det skal ikkje du hava godt av,» sa presten; «eg hadde ingen ting aa hjelpa meg med, og so tok eg boki til ei naudverja.» «Du hev stole eit braud og,» sa den vonde. «Det skal heller ikkje du hava godt av,» sa presten; «eg var fatig og hadde ingen ting, og so tok eg braudet til ei naudverja.» «Men du hev stole klæde og,» sa den vonde. «Det gjorde eg og fyr naud skuld,» sa presten, «og no er du bunden.» «Kvar vil du eg skal ganga daa ? Ut gjenom glaset?» sa den vonde. «Nei,» sa presten. «Skal eg ut gjenom veggen daa?» spurte hin. «Nei,» sa presten. «Skal eg upp gjenom loftet daa ?» spurde hin. «Nei, her skal du ned!» sa presten og stakk eit hol i golvet med ei naal. Vondemannen kasta klædi av seg; han hadde gjenge klædd som ein storkar, maa vita, og so laut han til liksom aa skruva seg gjenom det yrande litle holet.

Andre fortel at presten batt hinmannen paa berget utan-fyr Sande, daa han kom der lik ein orm. Det syner endaa eit ormelikjend i berget tett ved prestvegen.

Korleis det var med dette, so vart han bunden, og sidan hev aldri vondemannen vore laus paa Hjelmeland, det eg veit daa. Og det som meir er: dei hev aldri set orm paa prestagarden sidan.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *