Internt referansenummer: 26.05.09 – A
Kilde:
GAMALT FRAA NUMEDAL V.
Av:
TOV FLATIN
Les om Tov Flatin på www.wikipedia.no
Les om Tov Flatin på Store Norske Leksikon
KRISTIANIA OLAF NORLIS FORLAG 1923
PRENTA HJAA NIKOLAI OLSEN
Klikk her for å lese førerodet

Ho Dagne på Dagneset

Haugtuss og huldr

(Fraa Nore)

Dagneset heiter ei sæter, som hev namne sitt etter ei huldr, som heitte Dagne, som budde der.

Eingong kjerringi, som sætra der, hadde forsove seg, so kom Dagne inn i budynni og ropa:

Statt upp, statt upp du lortesu
o mjølka di ku!
Sole skjin i alle fjell,
o endaa søve du!

Ho Dagne heldt seg der paa sætri i mange mannsalderar; men tilslutt vart ho gamall og ryrbeina, ho med. Eingong stupa ho og brant av seg nasane, dei var no so spøkjeleg lange dei, maatru, og etter denna ulukka var det ikkje so lengi, fyrr ho sturta. Folki hennar kom og grov ho ned i ei stor myr, som kallast Dagnemyr enno. Ved kvar ende paa gravi hennar sette dei upp ei stor steinhelle, som enno stend. Det skal vera seks alnir millom kvar helle, so det hev vori ei dugeleg kjerring.

*     *     *

Far og mor sætra paa Dagnesæt. Tidleg ein morgon, dagen fyrr dei skulde flytja heim, laag dei inni budi og høyrde, det kom einkvar med ei koppebyrd og kasta fraa seg utved budveggen. Dei høyrde det so skili baae tvo. Han far gjekk ut; men daa var det inginting aa sjaa.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *