Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

Ho Kaisa

 

Ho Kaisa var svensklapp. Det fyrste ho kom hitett, var ho ei tid buande i Rønnålien; seinare flytta ho so til Hamarnes. Der dreiv ho med jordstell. Fødde ei ku og nokre småkretur. Men ein haust vart kua hennar klein. So var ein av grannane der; og han gav henne den råda ho skulde berre få nokon til å set kniven i kua. «Før da e inkj sagt ho bi før noko meir; å gammal e ho tellike,» sa han. So lova han so halvt um halvt at ho Kaisa skulde få att emne hos han, for han hadde ei kvige.

Ja, dette leit ho på, og fekk gammalkua unda. So ei tid deretter var ho åt grannen for å få det greidt med handelen. Men då gjekk han attpå orda sine og sa han sjølv vilde set inn kviga.

Ho Kaisa vart no harm, som vente kunde vera. Strauk so av heim; men kort etter var ho baker; ho kom då berande med noko rask av innvolane or gamlekua. Dette kjultra ho ihopen og sette av til fjøsen. Dei forstod no det bar gale i veg og sette etter. Men då var ho Kaisa alt med kviga; so trædde ho dette rasket burti svangen på kviga, og sa noko som er so fælt eg knapt hærest ta det i min munn.

«Till helvete åka min ko; och till helvete skall din åka.» Og her gjekk ikkje feil. Kviga kreperte på båsen kort tid etter.

Ein son hennar Kaisa, ein som heitte Oskar, fekk låna eit lam åt han Anders på Høgforsslett. Han Oskar skulde ha lammet til å set inn; og so skulde han ut med eit anna lamkretur til vederlag, når hausten kom. Slik var det avtala.

Men han Oskar skaffa inkje att. Det gjekk to år på dette viset. So reiste han Anders uppover; han vilde no ha ei avgjerd med dette. Men då han kom ditett, var dei umotig på å let han få noko. So gjorde han seg hard, og sa han gjekk ikkje derifrå før han hadde fått i bandet, um so han sjølv skulde gang i fjøsen og ta eit kretur. Ja, han fekk då eit lam. Men ho Kaisa lova gale; han skulde ikkje få noko godt av det, sa ho.

Dei fora det um vinteren; men på våren fann dei det daudt i grindane (Beiarn).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *