Kilde:
Årbok for Helgeland 1977

Ho Kersti-Anne og Kersti-Anne-Vatnet

(Fortalt av far min og delvis av Dorthea Stigen)

Av Trygve Nordås

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde.

Omkring 1880-åra hende denne triste soga som eg her vil beretta om:

Kjem ein ovanfor Almdalssetra på veg mot Tverberget, er ein ved Hundbergan – Hallvardhola på ein noko vanskeleg stad for vegleidinga. Ei open klår leid i fjellterrenget peikar i nordaustleg retning, far min kalla denne Kersti-Anna-skardet. Men den rette leida mot Tverberget og Sørfjellbygda er her helst lite tillokkande, kronglet og bergut.

Mange er dei som her har tatt feil av leida, og om ei såvori hending er det denne historia beretter.

Ei enkje, Kersti-Anne heitte ho, buande i Kjemsåsen fortalde far (Dorteha Stigen nemnde Skjåmoen), var komen frami en svensk «luffar» (omstreifar) og ho og svensken hadde kome «overens» – dei skulle «følges ad» i «fordragelighetens og kjærlighets lykkespor.»

Ja, ho Kersti-Anne hadde ikkje noko godt ord på seg. Ho hadde vore ond og fæl mot mannen sin, mens han levde. Og no i sin enkestand hadde ho vore «utsvevande», var for dette hata av kvinnfolka i bygda. Karfolka sa helst om ho Kersti-Anne at ho var «hesleg».

Einsam og utstøytt var ho Kersti-Anna av sin omgangskrets, men no var det då komen ein mann som var villig og god mot ho. Ho selde alt av sine eigneluter, gjorde om i kroner og øre det ho åtte, og slo følge med omstreifaren, ville reisa til Sverige. No skulle det bli eit liv i ekteskapeleg lykke for ho Kersti-Anne!

Det var seinhaustes at dei tok på veg mot eit nytt, forjettet rike. På garden Almdalen tok dei hus første natta, og om morgonen betalte svensken for losjiet. Ein trudde han då hadde fått tak i pengane hennes Kersti-Anne. Så tok dei på vegen, om Almdalssetra og til fjells.

Nokre få dagar deretter kom denne svenske luffaren tilbake til Almdalen. Det var hendt ei stygg ulykke oppå Almdalsfjellet, fortalde han. Han og ho Kersti-Anne hadde tatt feil av leida, og i uveret (snø og fokk) hadde dei tulla seg bort. Dei hadde kome til eit vatn langt inne på fjellet, og på isen der hadde dei gått seg ned. Der var likevel ikkje djupare vatn enn at dei bauka seg til lands. Men gjennomvåte som dei var, fraus ho Kersti-Anne ihjel, trøytt og klar som ho no var blitt av strabasene. No låg ho død der ved vatnet. Om folka i Almdalen og på grannegardane kunne hjelpa til med å få ho Kersti-Anne ned av fjerlet og i kristna jord?

Men det hadde i mellomtida falle noko snø og denne var føken over alle spor, så mannskapet fann ikkje staden der ho Kersti-Anne låg.

Lensmannen tok forhør av denne svenske luffaren. Han ga forklaring som var både grei og truleg og fekk så reise tilbake til Sverige, utan nokon påtale.

Først sommaren etter fann dei restane av kroppen hennes Kersti-Anne, men han var da gått så i røt og oppløysing at dei grov ned liket der på staden. Truleg vart ei kjerkeleg jordpåkasting gjort? Altså ligg restane etter ho Kersti-Anne der ved vatnet. Og vatnet vart seinare heitande Kersti-Anne-vatnet og skardet der dei tulla av frå Almdals-Tverberg-Sævervikvegen blir no nemnt Kersti-Anne skardet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *