Internt referansenummer: 01.10.2010-A

Kilde:
GJØMT, MEN IKKJE GLEMT- DET HENDE I EI TRØNDERBYGD
Av:
Sturla Brørs
Utgjeve og prenta av:
Rune Forlag, Trondheim 1980
ISBN 523-0230-0

Ho Lava

Ho Lava.

Ho Lava budde på Åsegg i Steinsdalen, vestafor grensa mot Eidet, men fleire av etterkomarane hennar flytta til Eidet, så ho høyrer på ein måte bygda til lell. Ho var noko til morsk kjerring, ho Lava, men kallen hennar, han Sivert, var berre kleinsleg, så ho måtte styre både broka og stakken, som dei sa frå gammalt. Så var det ein dag ho var til skogs etter ved, med hest og slede: han Sivert var heime og passa huset. Da ho hadde kome oppåt veddungen og skulle til å lesse på, vart ho ståande og tenkje. Ho hadde sett på unggutane korleis dei kappast om kven som var mjukast, somme av dei greidde å leggje eine foten over aksla og bakom hovudet — ho Lava visste ho var mjuk, ho og, og no da ingen såg henne — skulle ho ikkje prøve? Ho sette seg på sleden og tok til å lirke med foten. Og sanneleg fekk ho ikkje lirka han over hovudet! Halve arbeidet gjort — litt anstrengt vart ein tå det — men — det neste var å få foten framatt. — Men — det var tusen umuleg. Foten ville ikkje tilbake. Hovudet var for høgt. Det var pinnfritt å få foten over. Ho sat ei stund og tenkte, så prøvde ho att, ho prøvde så ho sveitta. Men umuleg var umuleg. Så var det berre ei råd: ho velta seg ned på sleden og fekk hesten i gang heimover. Det hadde drygdest heller lenge med dette, og han Sivert tok til å lure på kor det vart av vedkjøraren —han kom ut og sto og laga solhylle og såg oppover mot skogen. Jau — der kom hesten — nærare og nærare. Sivert visste ikkje om han torde tru augo sine — han såg ikkje riktig godt — kva var det for slag lass ho hadde?

– Sanneleg! sa han høgt med seg sjøl. — He! Slik ei kjerring! Trur æ ikkj ho kjæm kjørannes me e stor, diger rot!

(Ho Lava og nan Sivert var oldeforeldre til diktaren Kristofer Uppdal.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *