Internt referansenummer: 28.04.09 – A
Kilde:
GAMMAL GRUNN Folkeminne frå Land
NORSK FOLKEMINNE BAND I
Av: Ragnvald Mo
NOREGS BOKLAG 1976
Klikk her for å lese føreordet

 

Ho Marte Sagmesterstuen…

Ho Marte Sagmesterstuen, kona til ein av husmennene våre, var fast flatbrødbakar heime hos oss.

Dei som dreiv med baking, brukte på å ta til dagen klokka 5, og ho Marte heldt seg nøye til det som var skikken. Når ho kom om morgonen, da laut tennveden vere på plass og fyrstikkasken på takka.

Dei var to om å bake, veit eg. Ei av innejentene baka ut emna, og ho Marte baka leiven ferdig. Ho var snar til å drive på, ho Marte. Ho såg seg lite tid til å gå frå bakstefjøla når det var tid for mat. Helst ville ho ha maten borin åt seg der ho var, og eg hugsar ho mor gikk med mat åt henne Marte når ho var hos oss (S. Land).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *