Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Ho Øyr-Maria

 

Ho Øyr-Maria var inkje kleinare når det bar til med trollheit. Ho var av lapp; og sat i lang tid enkje innpå Nygård. Hadde stue der og noko-lite kreturstell; men det var no berre på larv med henne på mange vis, soleis i pengevegen, so ho sette skuld både her og der.

Han Eide på Nord-Sandnes (Gildeskål) var ein av dei som skulde ha pengar hos henne. Smått kravde han på etter pengane; men det gjekk bågt med å få noko. Men so fann han på ein annan utveg. Ho Maria hadde ein vaksen glunt, og denne fekk Eide med til Lofoten på fiskehenting. Jaha, dentid dei var haker, gjorde Eide upp etter boka, og so vart det 3 daler att til glunten. Men dei heldt Eide att; han vikle rekna dei av på skulda til mora, sa han. Og glunten kom heim fri for pengar. Ho Maria vart no eit gale menneske, og strauk til Sandnes og krov på etter pengane. Men han Eide viste henne berre frå seg, og sa det var enno 3 daler som ho stod skuldig. Kjerringa svor no ein dyr ei. Han skulde vel få betala, sa ho.

I denne tida hadde Eide ein galeas under byggjing inne i Oldervika. Og denne skulde han ha til Lofoten å kjøpa fisk. Ja, galeasen vart ferdig og gjekk på vatnet. Men her kom til å bli kommedi! Han var ikkje til å få venda; han la seg på rek som eit anna åtsel; og det var på det siste det ikkje bar i fjøra med dei. Men kor lenge dei no bala, so hadde dei då slutt-på kome seg til Lofoten. Det var i Skrova dei skulde liggja; og Olsen, so heitte skipperen, tok fast noko ytst i sundet.

Ein dag dei hadde kjøpt bra fisk og var i arbeid med å verka til, kom det ein båt med fire finnar roande upp av sjøen. Då dei var komne so midt av, tok dei seg eit lite kvilan; og alt medan gav dei seg til å skøa denne Sandnes-galeasen. Med eitt la han til å seia, høvesmannen: «Nei, ser døkk, ser døkk ka hånn ha på toppen? Stakkars mann!»

Finnane rodde no sin veg. Men dagen etter, dei kom av sjøen, hadde Olsen gjætt dei upp; han baud seg no til å kjøpa fisken av dei. Ja, dei gjorde forlikt, og finnane rodde åt. Med dei slengde upp fisken, kom Olsen seg i tal med dei. Tok so han til å spyrja dei ut, kva dei hadde set på toppen dagen fyreåt. Å, det var no ikkje noko, det, let dei. Men Olsen gav seg ikkje med det; han vinka dei i kahytten, og baud på dram. Gjekk so på att, vilde ha å vita kva dei hadde set.

«Ja, hånn ha trolla ombor,» sa høvesmannen.

No, soleis’n, let Olsen. Hadde dei nokor råd med det, då? «Kunn hende få dem bort,» sa finnen.
«Ja ja,» sa Olsen, «klara du da, so få du 10 daler å ei flaske brennevin.»

Finnen sa seg då til å ta i ferd med det. Fyrst befelte han no skipperen å bli i maken i kahytten; men døra skulde stengjast. Deretter strauk finnane på dekk; og han som var høyes-mann, samla mannskapet på galeasen. So skulde luka til kjellaren av; men luka til sjølve romet vilde han ha liggjande på. Ditett gjekk no finnen, og stelte seg av. Ja, då det leid um urlite, tok det til å bli ein slik underleg alo, det let jussom hundeøl, medkvart etter dekket, og medkvart i riggen. Soleis gav det på; men alt medan junglast finnen ihopen der på luka, han vart liggjande åvelte, og smått jamra seg, so i tankan. Men best det var, vart dei skilt med heile finnen. Berre kofta låg att på luka ihopenkjultra. Men straks deretter får dei til si undring sjå finnkallen på framdekket; han kom då vandrande attover med eit bein i handa. Dette var eit daumannsbein, som var kome av kyrkjegarden, sa han; og det fanst frame i stamnen, under garneringa; og dette hadde vore årsak til denne utida med galeasen.

Og noko slikt laut det vel ha vore; for etter beinet kom unda, var det ikkje det minste bågt å få vending under sigling.

Ho øyr-Maria var det som sette søt-ta på lensmann Breen.

Ho hadde ikkje svara skatt, og so var lensmannen der og tok av henne kretur. Ho hadde då berre ei geit att; og dentid han for med pantet, bantest ho både lensmannen og øvrigheita. Og so sant han kom ditett i slikt ærend oftare, so skulde han få solikt, sa ho.

Men ei tid deretter var Breen reisande til Øyra, skulde ta pant i geita.

Det fyrste ho Maria vart vis lensmannsbåten, rende ho ned til fjøra. For so springande fyre Breen etter sjøvegen, og smått klappa ihopen hendene. Men noko anna såg dei ikkje ho gjorde. So med eitt trilla Breen over der på slette marka; han vart no liggjande berre å grøvvel, kom seg ikkje på føt’n att. So skysskarane laut ta rett på han, og få han i båten. Det bar då attende til Skaugvoll. Men Breen vart liggjande til sengs, og kom seg aldri meir upp.

Mannen hennar Maria heitte Karl. Han var eingong åt ein smed som var buande på Norland i Beiarfjorden. Det var ei børse han vilde ha stelt. Ja, han fekk den i stand; men då det bar til tun betalinga, so hadde ikkje han Karl pengar å let han få. Men smeden var ikkje motig å sleppa han utan betaling. So vart smeden lova ein okse, og kallen sa han sjølv skulde koma innover med han. Med det fekk han børsa.

Smeden venta no ei tid; men ingen Karl kom; so skikka han to mann i båt utover for å henta oksen. Ja, dei kom dit, og sa kva dei var etter. Kjerringa skapte seg då galen, og viste karane døra. Men dei var ikkje meir kurnasa, enn dei leita upp oksen. Og dette gjekk vel og bra, til dei skulde i band med han; men då var hundre og eitt ute; han skapte seg rebelsk og sette på dei, so karane fekk evigt nok med å koma seg i båten. Med denne tidenda kom dei so baker åt smeden.

So var han og fekk med seg to andre og strauk til Gildeskål. Denne gongen hadde dei børse med. For oksen skulde skytast, um det ikkje lukkast med det gode.

Same dagen dei tok utover, hadde ho Maria sagt til kallen:

«Da kjem fremmen hitett i dag; men kva di enn sei, so ha du å ver tyst!» Dentid smeden kom i stua og kravde på um å få oksen, fekk han skamkjeft av ho Maria; og mannen gjorde som han var tilsagd; det small ikkje ord i han. So hadde ikkje smeden meir der å gjera. Dei var og skaut oksen og fekk han i båten.

Ei tid deretter var nokre beiarværingar i presteskyss til Gildeskål. Dette var før Beiarn hadde eigen prest. Desse hadde ho Maria gjætt upp; ho sa ho hadde eit ærend innover, og bad um å få får med dei.

Ja, då dei var so langt komne dei var rett av Norland, bad ho dei legg åt land.

«E ska ein sving opp; men døkke’r ligg av alt meann.»

Ho gjekk ikkje åt stua, det såg dei; men tok beine vegen åt smidja. Og den gjekk ho no rundt tre gonger, mot sola. Noko anna vart dei ikkje vis ho gjorde.

Men fyrste gongen smeden kom i smidja, miste han syna; og han sat sidan blind i heile 37 år, til han døydde.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *