Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Ho PeJonsa-Johanna var dyktig med noko av kvart…

Ho mor mi hadde ei syster som heitte Beret, ho som var gift med han Mattis på Leiråmoen.

Ein vinter han Mattis skulde til Lofoten, var han frame hos besteforeldra mine der på Gråtånes. Der var han vel kjend; for han var gift med dottera, som du forstår. Alt medan han stussa, hadde han vore på stabburet, eller huset, som dei gamle sa, og teke nokre daler. Han bestefar kom til å sakna pengane same dagen; men han hadde ingen tanke um kven kjyven var. Men no høvde dette just so her var ei reisande frå Saltdal, ho PeJonsa-Johanna, dei kalla. Ho for mykje slik og reiste denne, var jamt på farten, når det var noko. Millom anna var ho dokterkjent, og dessutan dyktig med noko av kvart.

Ja, so var han bestefar og leita henne upp, og bad henne ha ei råd med å få rett på pengane. Ho lova no å gjera det ho kunde; men ho gjekk ut frå det dei vilde ikkje ha onnor straff over kjyven, enn det han skaffa pengane baker i kista, sa ho.

«Å, da e no inkj so visst,» svara han bestefar.
«Då inkj e ha noko me da å jer.»

Ja, so veit du kallen laut fir av då, og ta det slik ho vilde. Det fyrste ho no gav seg av med, var å leita upp 5 slags ved. Dette og noko anna la ho i ei panne og tende varme på. Eg har visst gløymt og fortalt at ho heldt til utpå stabburet med dette stod av. Deretter fekk no han bestefar pålegg um å la bursdøra vera ulåst til natta; og dessutan skulde han la lykjelen stand i kista. Men noko ekstra utanum dette måtte han ikkje gje seg um, sa ho.

Leiråmokallen hadde gjort snarreis nedetter bygda; han var komen so langt som til Strand, og skulde ta hus der. Men på kvelden fekk han støyten. Han vart bråklein. Folket vilde ha han i seng; men det nekta han, han laut uppatt, sa han.

Og fyrst han kom på vegen, tok det til å gje på seg. Men natta gjekk med innan han Mattis vann seg åt stabburet på Gråtånes (Beiarn).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *