Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

Ho vart burtvist frå nattverdsbordet…

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde.

Men ei i Beiarn gjekk det verre med; ho vart burtvist frå nattverdsbordet, ho. Det var alt med Berner var prest der; og ein sundag det var altargang, var dette kvinnfolket millom natt-verdsgjestene. Presten stod just i ferd med å retta åt henne brødet; men so med eitt rykte han armen til seg, og sa: «Vig bort fra mig, du troldkvinde, thi du er veget bort i fra Herrens åsyn!» Kjerringa kom seg burt frå knefallet, og strauk or kyrkja.

So var det nokon som hadde spurt Berner kor han kunde vita at dette var eit trollkvinnfolk.

«Da jeg tog brødet i min hånd, blev det sort i mine øine,» var svaret.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *