Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Høgset-guten

Høgsetguten var ein fehandlar frå Liagalo i Ålsgjeld. Ein gong han var «nora fjellet» på handel, var han ille ute, fordi han vart tobakslens. So møtte han ein lærdøl, som han bad um ei skrå. «Ja, men denne kostar pengar», sa lærdølen og tok fram tobaksrullen. Det fekk ikkje hjelpe det, meinte Høgset’n. Lærdølen skar ei skrå til han, og Høgset’n betalte med seks skilling.

Ein gong seinare råka det seg slik at lærdølen hadde køyrt hesten sin gjenom isen nede på elvi då Høgset’n kom framum. Lærdølen ropte på hjelp og sleit på hesten alt han orka. Høgsetguten hjelpte til å få hesten upp att. «Kor mykje skal du ha for hjelpi?» spurde lærdølen. «Tvo dalar», svara Høgset’n. Lærdølen pruta, men so meinte han på det Høgset’n, at det var ikkje verre ved det — det gjekk no an å få hesten ned att i holet, og då fann lærdølen fram 2 dalar. «No fekk eg att dei seks skillingane med rentur», sa Høgsetguten.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *