Kilde:
Årbok for 1950
2. årgang
Verdal Historielag
Redaktør: Arkitekt Oddmund Suul

HOKKUS (Otto Lilje-Hanssen)

Av lærar Jobs. Nordnes.

«Nu kjem’n Hokkus.» Ein liten framlutt kali, krokut i kneom og med ei stor skreppe på ryggen, går om vindaugo. Han løfter føtene høgt når han går. Døra går opp, og kallen og skreppa kjem på tvert gjennom døropet. «Det er så rart med det,» helsar han med noko framand skurring på «rart». Så blir skreppa lempa av ryggen og opna, og så er ungane, og dei vaksne med ikring og skal sjå på kramvarene. Det er hårnåler, kammar, trådsneller, skoreimar, briller, tørklede osb. «Tokle» seier han sjølv. Somme gonger har han «sukkerpinnar» og, som han har laga sjølv. Får ein sjå så djupt som nedpå botnen av skreppa, ser ein gjerne ein løbolt, nokre tinnstykke og ei lita flaske med saltsyre. Dette fortel at Hokkus også driv med fortinning og lodding.

Otto Lilje-Hansen
1837 – 1915

Sit folk i huset og et, går kramkaren ubeden til bords og forsyner seg, og då får skreppa stå uopna til etinga er frå seg gjort. Hokkus er godvener med alle ungar, men han kan også fli dei frå seg om dei blir for nærgåande.

Han heitte Otto Lilje-Hanssen og var fødd i Danmark i 1837. Namnet Hokkus hadde han sjølve gjevi seg. Mykje godt kalla han seg Lille-Otto og. Han var med i krigen mot Tyskland i 1864 og var mellom dei som skulle forsvara Dybbøl skanse. Far hans og ein bror fall i striden ved sida hans. Sjølv vart han såra og måtte på sjukehus. Somme meinte at han rømde frå Danmark. Andre ville veta at han hadde vorti uklar med folket sitt, og at det var grunnen til at han for frå heimen. Han miste kjærasten og – Karoline – som døydde frå han.

Det er sikkert at han kom seg over til Sverike, og om ferda vidare fortalde han sjølv. Han reiste visst som farande svein for det første. Han var utlært konditor. Det bar nordover Sverige heilt til grensa mot Finnland og noko inn i dette land. Men så snudde han og for sørover att.

Seinare bar det til Noreg, og der flakka han vidt ikring. Det var interessant å høyra på når han fortalde om ferdene sine. Det var ikkje oppbyggjeleg alltid. Han fortalde både «vist og gali», like til at han lang seg frå reisekona og for andre vegar enn sagt var, så han aldri såg henne meir og «var fri».

Til slutt kom han til Trøndelag og stana i Verdal, og der vart han gåande som kramkar. Det var serleg i Vuku han heldt seg. Varene tok han hos B. Lind, Levanger. Han hadde også samband med heimen sin og fekk pengar frå mor si som ville at han skulle koma heim att. Men heimlandet såg han aldri meir.

Rett som det var, fekk skreppa stå eit par tre dagar. Lille-Otto hadde fått tak i skjenk. Då «heldt han bryllaup» som han sjølv sa. «Gud lever ennu,» sa han om nokon baud han ein dram. Baud han seg sjølv, måtte det minst vera to – ein for kvar foten – så han ikkje kom til å halta. Det vart gjerne fleire. Bryllaupsprogrammet var alle gonger like eins. Først var han glad. «Gud elsker Lille-Otto,» sa. han. Og så dansa han med føter og hender. Heile kallen dansa. Alltid åleine og utan musikk. Men så bar det til å gråta og tala med seg sjølv om ho Karoline. Seinare fekk han ei rid med å klaga seg sjølv. «Nu er du drukken, Lille-Otto. Du har sagt det så mange hundrede gange at du ikke skal drikke mere. Du har ikke holdt dit løfte. Men nu skal det være siste gangen Lille-Otto drikker sig drukken!» Og så seig han saman i gråt og sovna. – Om ein dag eller to var det å finna att skreppa og så traska ikring att anten det rauk eller fauk.

Ein vinterdag kom eg gåande utover frå Bjartom. Det var blankis på elva og bitande kald og sterk austavind. Då eg kom ut åt Haugbua, såg eg Lille-Otto kom frå Nessimo og skulle over elva. Han torde ikkje leggja ut på blankisen med skreppa på ryggen, men tok henne av. Endå var det leitt nok. Han måtte krypa, og så tok han til å skuva skreppa føre seg. Men vinden tok både kallen og skreppa så det bar utetter elva. Han baska seg til slutt i land. Han vermde nevane i bukselommene ei stund, for han hadde ikkje vottar. Og så bar det med skreppa på ryggen åt Bjartom.

Morgonen etter var det same kalde vinden. Lille-Otto sat og stoppa hosene sine. Det var elles mest ikkje fot i sokkane hans. Men han drog då saman stakkarsdomen og fekk dei på. Kvifor hadde eg ikkje så mykje vett at eg gav han eit par hoser? – Så var det eit par harde blakke skor, ei turistskjorte med snøring der det lyste inn på blanke kroppen, og så ein tynn sliten dress. Slik bar det ut i kald-vinden.

Men så var det også varme gode sommardagar og lyse netter. Då låg Lille-Otto i fjellet på fisking. Mykje godt var han i Sul og Sandvika.

Den 5. april 1915 heldt Lille-Otto «bryllaup» siste gongen etter det vanlege program. Denne gongen steig han ikkje opp meir. Folk fann han død i senga den 6. april. Den 11. april vart han førd til kvile på Vuku kyrkjegard der grava hans enno fins.

Føre jordfestinga undras presten på om han skulle ta bladet frå munnen og tala «til skrekk og advarsel for likesinnede». «Det trur eg ikkje du skal,» sa klokkaren. Og så fekk Lille-Otto ein mild tale over grava si.

Og vi som har minnet om han mellom andre barneminne, leiter også etter orsaking. Det er vandt å kvila før vi kan vona at Lille-Otto også fekk smetta innom døra i Farshuset med dei mange rom.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *