Internt referansenummer: 28.11.10 – A
Kilde:
MUSIKK-KORPSENE I NORGE
Under redaksjon av Einar M. Wie og Petro Erichsen
(Formann og forretningsfører i Norges Landsforbund av Gutte- og Amatørmusikk-korps)
SCALA FORLAG – OSLO 1956
Klikk her for å lese ”Forordet” i boka og for å se bilder av redaktørene.
Klikk her for å komme til Norges Musikkorps Forbund (NMF) sin nettside.

Hol Hornmusikk, Hol

Hol_Hornmusikk-Hol
Fotograf ukjent.
Første rekke fra venstre:
Ola Øen, Peder Rukke, formann Harald Kolle, dirigent Einar Reinton, Øistein Torgersen, Normann Wick, Sverre Anellem.
Annen rekke fra venstre: Magne Slettemoen, Eivind Odden, Jens Uren, Jan Sendrol, Torleiv Sendrol, Harald Solberg, Olav Nestegard.
Tredje rekke fra venstre: Torstein Rue, Sverre Slåtten, Olav Herfindal, Harald Rueskitten, Lars Sendrol, Sverre Uren.

Hol Hornmusikk, Hol er skipa 10. oktober 1947. På skipingsmøtet møtte, foruten Olav Herfindal, som gjorde opptaket og kalla inn til møtet, Magne Slettemoen, H. Solberg, Torbjørn Trageton, Tore Mjønerud, Sverre Uren, Knut T. Seim, Knut Trøen og O. P. Vindegg. Eit banklån på kr. 2000,- vart skaffa til kjøp av instrumenter, men dei instrumentane ein kunne få tak i den tida var brukte og alt anna enn førsteklasses. Første øvinga var 22. mars 1948. Laget hadde da 12 medlemer. 3 av desse hadde vore med i korps før, dei andre laut lære alt frå nytt av, – også notar. Men ein dreiv hardt med 2 øvingar i veka, og alt etter 5 vekers øving våga ein seg til å spela i 1. maitoget ved Holeanlegget i Hovet. Økonomien var det skralt med første tida. Medlemspengane var kr. 24,- om året, og ein hadde utlodding på kvar øving. Men innsamlingslister innan bygda vart møtt med godvilje, og basarar og andre tilstellingar gav også pengar i kassa. Bank og kommune har seinare ytt årlege tilskott.

I første styret var desse med: Olav Herfindal, formann, H. Eide og Magne Slettemoe. Erling Mikkelsen var dirigent første året, 1948-49. Våren 1949 overtok Einar Reinton, som har vore dirigent sidan. Første øvingslokalet var i snikkarverkstaden til T. Sundre.

I 1951 vart Hol Gutemusikk skipa som eit serlag av vaksnemusikken. Leiar for denne er Olav Her-findal. Same året gjekk ein till kjøp av nye instrumenter frå Tema. Pengar fekk ein ved lån, og Hol kommune stilte seg som garantist for lånet.. Det har ei tid vore arbeidt for å skaffe laget uniformer, og desse kan vonleg takast i bruk våren 1955.

Laget heldt sin første konsert alt i 1949 i Holet, og første kyrkjekonserten i 1953 i Hol kyrkje. Laget var med på krinsstemne for Hallingdal i Al 1954. Med i styret er nå: Harald Kolle, formann, Sverre Uren og Ø. Torgersen. Øvingane er på Hol menigheitshus og for ein del i Samfunnshuset Bygdahall. Laget har 20 aktive medlemer.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *