Internt referansenummer:B-000011
Kilde
DANS OG SOGER TIL TUDDALSTONAR
Av: O. J. Rui
Utgjeve av Tuddal Spelemannslag ved 25 års-jubileet 1974.
Klikk her for å lese forordet

Hølje Landsverk f. 1895

(Mennesket og tonen)

bilde_side_025.jpg
Hølje Landsverk med elevar: John Bondal, John Tveiten og Gunleik Wåle.

Hølje Landsverk f. 1895. Det er underleg med ættetreet. Det kan stå og berre halde seg ved lag i si årvisse vekstrytme. Somtid meire, somtid mindre. — Ettersom livstilhøve og indre eigenska¬per utfaldar seg. — Uventa kan det hende det slår ut i full blomst. — — Slik sviv ein føre når ein tenkjer på ein spelemann som Hølje Landsverk.

Beinveges veit me ikkje om nokor spelemann i ætta. Vist høyrde han nok med i den innfødde spelemannssyklusen i bygda frå gamalt av. Elles kom godmorslekta rå Tinn og ting tyder på at ho kunne vere av Dale-Håkånesslekt.

Hølje tok for ålvor på med spel i møtaralderen. Det sagdest han vart full spelemann på ein vinter. Han var i Afrika på hvalfangst eit par år. Etter han kom heim var han snart ein kjend kunstnar. Høje sanka tilfang frå mange hald og ingen var for ring å lære av. Men rette læremeisteren hans var Svein Løndal. Det dåmrike grunnlaget samen med hans eigen sterke personlegdom gav eit spel av høg rang. Hølje henta framatt gamle slåttar, sette innatt bortkomen stas og gav dei ny klædnad. — — Desse lika han å ta på fela:

– Agerhus'n,
– Sudkåsen og
– Rottemsknut'n,

helst slik Hølje-far tulla han når han gjorde tresko. Men var han på lune vart det gjerne storslåttar som

– Gullfakse,
– Falkeriset og
– Vårlengt.

Spelet åt Hølje var karakterfast, malmfuldt med fine vendingar og høvde akkurat til den store sterke mannen. Han hadde mange fine trofaear frå kappleikane, derimillom Myllargutmedalja i sølv.

Det kom jamt spelemenn og andre til Landsverk for å høyre spel. Etter at han i eldre år fekk ein skavank i spelemannshanda nådde han ikkje oppatt i dei førre høgder. I 1925, då Tuddal
Spelamannslag vart til vart Hølje leidar og dirigent — seinare samen med Ola Løndal.

Hølje var eit stemningsmenneske og det skifte brått millom sol og regn. — Var han i ulage og dei masa etter den og den slåtten høvde det han beit dei av med:

– Eg spølå ikkje på kommando!

Han var ordsnar og ein original til å svare for seg. Mange løglege ting var han årsak til. Han hadde ei gjerd med at han let i seg når han var oppteken av spelet. Knut Buen, spelemannen, som var liten guttunge gjekk laus på han for dette:

– Eg synes du grømta, eg?
– Hø! Det e løva det, sae Hølje og glytte løynsk nedpå 'n Knut.

Knut Buen lærde mykje og har tileigna seg spelmåten åt Hølje.

Hølje Landsverk var ein god utøvar av musikken i bygda. — Han døydde brått no siste haust. Det sagdest av nokre som var hjå han at han spela noko heilt vedunderleg vakkert kvelden føreåt.


Knut Buen
om
HØLJE LANDSVERK

Hølje fortalde at han var 8 år da han laga seg ei fele av takspon og boge av ein kvisteboyg. Til strenger og tagl bruka han lintråd og til harpiks alminnelig dråkkvåe. Dette er typisk for ei rekke av dei eldre spelemennene. (Tresko blei og ofte nytta som feler). Hølje fortalde vidare:

I 10-12 års eleren køfte eg ei fele ta Svein Rue, ei som ein ifrå Bergstugo i Bondal ha' gjort…Eg hugsa' den fyste eg yrde noko ta va' gamle Helvor Kåse. Han arbeidde ei beite heime på Landsverk o' da spølå'n iblandt når'n gvilde….Helles kan eg minnas at eg lura meg te o' ligge utafe det gamle ongdomshuse; i Jukhål o' lye på spelemennén når det va' festa. Eg va' ikkje konfirmera da, so eg våga meg ikkje inn….Men eg høyrde no mykje spel ta Svein Lynidalen som eg lærde ette'…ja, Tarkjell Rue o' Ola o' Hans Juvstul høyrde eg au den gong.”

Ifrå 13-14 årsalderen og etter at Hølje hadde møtt så kom han til å vanke mykje saman med Svein Løvdal rundt på speling. Dei skiftest om å spela til dans og Hølje lærde mykje av Svein i den tid.

”Svein va' so snål vorå isamen med”, sa Hølje. ”Det va' ofte me for fjellvegu når me sku' te andre bygda og da sat me o' prata o' kosa kånn når me gvilde. Det hende rett som det va' at me tok upp felun o' spølå au”. Det var eit godt grunnlag Hølje fekk av Svein. Sidan skulle han bli ein av Telemarkens fremste spelemenna. Ola Høljesen Gåra ifrå Bø fortalde at han høyrde Hølje spela på eit stevne i Hjartdal i 1920 åra. (Ola Høljesen hadde høyrt Lars Fykerud au i ungdomen). Hølje Landsverk hadde stae borti ein hage og spela og Ola Høljesen kom gangande etter vegen og høyrde felelete. Ola fortalde:

”Hadde det ikkje vore fe' de' at Fykeru'n va dø' 20 år tidlegar' so sku eg trudd de' va han som spølå. So lik'n va'n no dennéen onge guten au, stor o' kraftig o' staseleg på elle måta”.

Ola Høljesen visste nok kva han prata om for han var ein stor-spelemann sjølv, ein av Bøherads meistrar.

Talar ein med folk frå same generasjon som Hølje høyrde til så får ein godt prov for dugleiken hans i ungdomen. Når Hølje spela var det alltid fullt på dansegolvet seier folk. Dessutan hadde han eit spesiellt fylldig og kraftigt spel. Han var difor ein mykje nytta gjestebodspelemann.

Opp gjennom åra vann Hølje fleire kappleikar og han hadde merkeleg nok to sylvmedaljer frå Telemark Ungdomslag, i Tuddal 1939 og i Bø 1954. Som speledomar var og Hølje god. Han hadde det på at alle spelemennar måtte ha friheit til å forme sitt eige spel. Ein gong han sat og spela «Flatlandspringaren» kom ein annan spelemann til å seia:

– ”Han spela ikkje slik den slåtten Halvor Flatland”.
– ”Nei, men eg spolå'n slik” svara Hølje.

Ein annan gong Hølje var domar kom det til ueinigheit mellom domarane om ein spelemann. Det var ein av domarane som meinte at denne spelemannen spela gale ein Fykerud-slått. Domaren kunne vel rakle og spela litt han og, så Landsverk'n kunne ikkje dy seg:

– ”Ja, så spolå slåtten rektig du da, so ska' eg spolå'n ette'på” sa Hølje. Men da gav han seg visst den andre.

Hølje Landsverk støypte alltid slåttane i si eige form. Det låg ikkje for han og stampe i andre sine fotefar. Kom det ein ny slått til bygda var det allstodt spanande og høyre korleis Hølje kom til å spela han. Det har dessutan aldri ligge til Tuddals-spelemennene å spela slavisk likt ein slåtteform. På den måten vil eg seia at slåttane har halde seg nye til kvar tid, utan å bli kjedelege og upersonlege. Hølje Landsverk var god til å improvisere og variere slåtte-taka når han spela. Springaren «Gullfakse» høyrer til del slåttar som vil leva i form etter Hølje. Og i mango slåttar har han tilføya småvek og fine brigde som har gjort formene rikare.

Hølje levde all sin dag på tutte-garde Landsverk. Han var gift med Aslaug Lid ifrå Gransherad og har to døtrar, Anne og Ågot. Hølje døydde i 1973, 78 år gamal.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *