Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Holrønningslåtten

Holrønningen er ein plass ved Rognes i Støren. Det er ikkje hus lenger på plassen, men ein ser tuftene etter husa. I føre hundraåret var det ein framifrå flink spelemann som budde her. Han spela i brudlaup over heile bygda og utom bygda var han også mykje bruka. Mang ein feiande dans spela han opp til i si tid.

Til dagleg vart han kalla Holrønningen.

Plassen var ikkje stor, og det var nok ikkje rare levemåten for huslyden. Jordvegen var liten og det meste av høiet tok dei i markaslåttar langt inne på åsane. Holrønningen hadde alltid med seg fela innpå marka. Kvart einaste kvil tona slåttane ut i sommardagen, og han klunka også på strengjene langt ut over kveldane.

Dotra til Holrønningen vart gift med ein svenske. Han heitte Harlin og var ein dugande arbeidskar. Mang ein dag svinga han seg i skårgangen saman med verfaren. Holrønningen døydde, og sommaren etter dreiv Harlin plassen. Han tok også markaslåtten etter gammal sed og skikk. Første dagen var han einsam i slåtten. Dei andre skulle koma etter til kvelds. (Holrønningen døydde i Amerika.)

Det var ein fin dag han gjekk frå plassen med to ljåar over aksla. Den eine hengde han i ei stor bjørk, strauk opp den første så han skulle få godt bett – men han kom ikkje så langt at han fekk gjort eit einaste drag med ljåen.

Som han sto og strauk ljåen hørte han nokon klunka på ein felestreng borte i lia. Det kom klunk frå alle fire strengjene, ein gong, to gonger og tre gonger. Og dermed strauk det opp med ein av dei mest feiande slåttane etter Holrønningen. Slåtten tona nett slik Holrønningen sjøl hadde spela han så mang ein gong i tidlegare år.

Harlin hengde ljåen frå seg og gjekk rett heim frå slåtten. Noko slikt hadde han aldri opplevd. Langt nedetter liene hørte han slått etter slått av slåttane etter verfaren. Dei tona så lydt i stilla.

Teikna av Anders Krigsvoll

Harlin fortalde kva han hadde vore ute for.

Men folk i grenda og i bygda berre lo. Han måtte ha misshørt seg. Ein avliden kunne da ikkje koma og spela slik.

Harlin meinte at det kunne han nok. Han hadde sjøl hørt det. Seinare var det ingen som hørte meir musikk i markaslåtten der Holrønningen hadde spela slåttane sine.

Harlin meinte på at ingen kunne spela Holrønningslåtten så godt som Holrønningen sjøl. Han kjende bogedraga og laget hans.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *