Internt referansenummer: 15.03.16 – Bok
Kilde:
Eventyr og Segner
Barnerim, ordtak og gåter
Folkeminne frå Salten II
Av: Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 54
OSLO 1944

Høna som varp borte

(Sørfold)

Det var ein gong ein mann som hadde ei høne som var så til å stryk or garden når ho skulle verpa. No hadde han tre døtrer, denne mannen; så sette han den eldste til å gjæta opp høna.

Ja, då høna fekk dei takan ho ville bort, gav vekja seg til å gang etter. Så kom dei åt ein bergpall; der var det eit stort hol, og alt med vekja gjekk og glytta etter høna, kom det ein rese som tok vekja inni berget. Då han hadde fått henne i hus, spurde han: «Vil du gifta deg med meg?» Vekja var fyrst på meint å seia tvert nei; men så tordest ho ikkje retteleg det heller. «Eg vil tenkja på det urlite innan eg gje deg svar,» sa ho. Resen tok seg von av det ho svara; han leit på han skulle få ja, ser du.

No sa han seg til å fara bort; han ville skaffa til huset slikt som trongst til bryllaupet. Innan han for, sette han vekja til å styra heme. Resen sa ho kunne sjå seg om i huset kvar ho ville nærså i eitt av roma. «Men ditett må du ikkje setja din fot,» sa han.

Då resen hadde forlate heime, tok vekja til å streifa rundt i huset. Så fann ho på ho ville glytta inni det romet resen hadde formeint henne å gang. Der vart ho vis mange menneskekroppar, folk som resen hadde slite hovudet av og drive ditett. Vekja var snop å slå i døra. Og i det same kom resen. Det fyrste han no ville ha å vita, var om ho hadde vore og glytta i dette romet. Nei, det hadde ho ikkje, sa vekja. Men så var resen og skøa dørvridaren, og der vistest det merke etter fingrane hennar. Då vart han så arg han sleit hovudet av henne og kasta både hovudet og kroppen inni rommet.

Då mannen ikkje fekk dottera si heim, tok han til å bli ottesam for henne, og så skikka han den næsteldste ut å leita. Ja, då ho hadde spora rundt eit tak, kom ho åt denne bergpallen. Så kom resen og tok henne, og då han hadde fått henne i hus, spurde han: «Vil du gifta deg med meg?» Vekja var meint å svara brent nei; men då ho hadde fått tankane for seg, tordest ho ikkje det. «Eg vil ikkje gje deg noko visst svar for det fyrste. Eg må få tenkja på det,» sa ho. Dette svaret gav resen seg til tols med, og så sa han at han laut ein snoping åt skogen og ha til veges ved og nokolite anna som trongst til bryllaupet. Men innan han for, sette han vekja til å styra huset. Han sa ho vel kunne gang der ho lysta, nærså i eitt av roma; «men der får du ikkje koma med din fot,» sa han.

Ja, fyrst resen hadde forlate heime, gav vekja seg til å gang rundt i huset, frå det eine romet til det andre, og sluttpå var det berre eitt att, det resen hadde sagt ho ikkje måtte koma i. Men no var ho så motig på å sjå ditett; ho opna urlite på døra, og mellom dei som resen hadde drepe og lagt dit, kjende ho att systera. Så slo ho døra i og var meint på å røma; men just i det same kom resen. No spurde han om vekja hadde vore og sett i dette romet; men det svara ho nei til. Så fekk han sjå det vistest merke etter handa hennar på dørvridaren. Då vart han så over seg arg han sleit hovudet av henne og slengde både hovud og kropp inni romet.

Dentid faren forstod han vår vorten av med andre dottera og, vart han reint forkomen. Han gjorde no i veg den yngste å leita. No gjekk det på same viset med henne. Fyrst ho kom åt bergpallen, var resen eder og tok henne, og då han vel var komen i hus med henne, spurde han: «Vil du gifta deg med meg?» «Ja, det kan eg vel,» svara vekja. Då vart resen så glad han visste ikkje på kva fot han skulle stand, på. Så sa han at han måtte å få til gards mat og anna, så dei kunne ha å halda på til bryllaupet. Alt medan skulle vekja sjå til heime. Resen sa no åt henne det han hadde sagt åt systerne hennar; ho kunne vel få streifa rundt i huset og sjå det ho ville; men åt eitt av roma fekk ho ikkje koma; «ditett får du ikkje setja din fot», sa han. Dermed for han sin veg.

Då resen vel var faren, gav vekja seg til å vandra frå det eine romet til det andre, til ho på det siste hadde berre eitt att, det romet der resen hadde iformeint henne å koma. Men då ho hadde gått ei tid og tenkt på dette romet, vart ho så lysten å sjå inn. Dermed letta ho på døra som snarast. Så fekk ho kjenning på systerne sine, og no skjøna ho kvifor resen var så hard til halda henne derifrå.

Ho var noko meir tenkt denne yngste systera. Ho smurde noko over vridaren på døra så resen ikkje skulle bli vis at ho hadde vore med handa der.

Jaha, dentid resen kom heim, spurde han vekja om ho hadde vore og sett i dette romet. Nei, det hadde ho då ikkje, sa vekja. Sidan det ikkje vistest merke etter handa hennar, leit resen på at ho tala sant.

Ein dag alt med ho styra i huset, kom ho frami ei flaske som var standande på ei hylle. No var ho så til å spørja, denne vekja, allting ville ho ha greie på. Så tedde ho flaska fram åt resen og spurde kva som var i.

«Det er noko dropar som gjer daudt levande,» sa han. «Men set du flaska frå deg!»

Ei tid etter sa resen seg til å fara bort. Og fyrst vekja hadde fått han or husa, leita ho fram flaska og strauk åt romet der systerne og dei andre var liggjande. Så gav ho seg til å setja hovuda på dei som låg der, og kvartetter smurde ho på av det som var i flaska. På det viset fekk ho dei levande unna for unna. Det bar no til å koma seg der ifrå. Men innan den yngste forlet, laga ho til ein skapnad av halm, og denne reiste ho opp borte med gruvsteinen.

Dentid resen kom kvistande, så trudde han det var vekja som var standande der og styra med maten. Og då det lei om litt, sa han: «Eg vil no ha mat.» Sidan han ikkje fekk svar, tok han i noko sterkare. «Eg vil ha mat!» Men halmskapnaden stod der like still, veit du. Og tredje gongen resen la til å ropa, trødde han så hardt i golvet at han sette hol i og det bar fast med foten hans. Dess argare vart han; han baska og sleit som eit villver til foten gjekk av. Såleis kom han seg ikkje til å halda etter dei som hadde rømt.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *