Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland I
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG XVII
Oslo 1928
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese «fyreordet» (Med bilde av Torkell Mauland)

Horje

Halvonnor mil nordanfyr Stavang kjem ein til Tau. Der skal det ha butt store folk i gamle dagar, baade kongar og risar. I den tid dei bygde paa domkyrkja, budde der ein rise som vart galen paa denne kyrkja og vilde gjera ende paa henne fyrr ho var ferdug. Han reiv laust eit stort fjellstykke og kasta, vilde slaa ned heile kyrkja. Men no ligg det ei øy — eller ein holme midt miillom byen og Tau, han heder Horje, og hev fjell som ris høgt upp i vêret. Risen kasta hosta laagt, so steinen skeina nedpaa toppen av Horjefjellet, og det vart eit skard der i toppen. Det gjorde so mykje at steinen ikkje rokk fram; men i toppen av Horje ser ein enno skardet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.