Kilde
Farne tider (Utgitt første gang i 1923)
Av Magnus Breilid
Mandal 1971
Frithjof Salvesens Trykkeri

HOVÆKRÅ PÅ HOBBESLAND II

Om det har stade hov på Hovækrå får bli ei oppgåve å løysa for dei som skal skriva bygdesoga for Eiken. Professor Rygh meiner gardsnamnet «Hobbaasland» kjem av mannsnamnet Hagbardr som var skjeldsynt i gamle Noreg, men vanleg på 1600 talet. Det ein etter dette truleg kan slå fast er at Hagbardr har vore rudningsmannen på Hobbesland og at garden so er oppkalla etter han. Sumt kan og tyda på at det er hans gravhaug som blei helga i heiden tid, og blei som ein heilagdom på garden. Men at der har vore hov er svært lite truleg. Det må ha lege lagelegare til, t. d. på kyrkjestaden.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *