Kilde
Farne tider (Utgitt første gang i 1923)
Av Magnus Breilid
Mandal 1971
Frithjof Salvesens Trykkeri

HOVÆKRÅ PÅ HOBBESLAND

På «Voddebruket» på Hobbesland i Eiken er ein stad nordanfor husa som kallast «Hovækrå». Der husa står heiter «Jordsvodden» og ovanfor Hovækrå ligg «Rugkadden» og ovanfor denne «Lunnå». «Ramsebakken» ligg nord for «Rugkadden».

Ole Pålson Hobbesland som døydde i 1926, ikring 80 år gamal, fortalde meg at det hadde stade eit hov på Hovækrå. I Hovækrehaugen som må ha vore rund med ein diameter på omlag 25 fot og med steinar ikring er funne ømse oldsaker: ei saltkvern, krukkeskår, brende bein o. a. Der var og kol og oska i haugen.

Steinane rundt haugen var større enn vanlege lyftesteinar og var lagt fint til, slik som t. d. ved Behaugen på garden Hauge.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *