Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Hr. Lars Paa Nedstrand

Hr. Lars paa Nedstrand var ein dugande prest. Han hadde lært svarteboki, so han kunde henne baade framlenges og attlenges. Um natti hadde han tidt ærend aat kyrkja. Daa laag prestkona aaleine og fekk ikkje sova; ho var redd fyr mannen. Ein gong hadde ho fenge drengen til aa hava seg burt paa kyrkjegarden; daa kunde han kanskje faa sjaa kva presten tok seg fyre. Og kunde han so med same faa setja ein stokk i presten, so han ikkje skulde vera so huga til aa fara soleis ute um næterne, so var det ikkje henne imot.

Daa presten kom til kyrkja den kvelden, saag han eitkvart som leda paa seg innfyre kyrkjegards-grindi. «Er det folk?» ropte presten; men det tagde som muren. «Er det folk, so svara,» sa presten ein gong til. Endaa kom det ikkje ein knyst. Daa tok presten til aa mana, og drengen stod snart til knes i jordi. Daa spurde presten endaa ein gong um det var folk; men det kom inkje svar. Presten heldt daa paa aa mana, til dess drengen stod til mjødmerne i jordi. Endaa ein gong spurde presten kven det var; men det kom inkje svar, og so mana han drengen nedi til halsen. Daa vart drengen redd; han ropte ut og sa kven han var. «Kvi sa du ikkje det fyrr?» sa presten; «no er det for seint, eg kann ikkje faa deg upp att. Det einaste eg no kann gjera fyr deg, er aa mana deg ned under jordi.» So gjorde han det, og dei saag aldri meir til drengen. Men den flekken som han sokk paa, hev alltid halde seg vaat sidan; det var reint som eit myrhol. Dei køyrde mange lass med mold inn; men flekken heldt seg like blaut.

Hr. Lars saag alltid uvand ut, gjekk i kvardagsklæde som ein annan arbeidsmann. Ei sag som dei hadde paa prestagarden, saag han alltid etter sjølv. Ein laurdagskveld kom han heim fraa sagi i kvardagsklæde og med sumt tarvende paa aksli. Paa vegen møtte han ein lytnant som budde der i bygdi. Lytnanten gjekk i staskkede so fine at det skein av deim, og leidde paa ei gjenta i kvar hand. «Der kjem presten med hakka og spade,» sa lytnanten. «Og der kjem lytnanten med taska og hora,» sa presten. Daa stakk sinnet lytnanten; han drog blankt og vilde hogga til presten. «Statt der!» sa presten. Og lytnanten vart standande, med armen og verja i vêret. Der stod han heile natti, og sundagsmorgonen daa folket gjekk til kyrkja, stod han der endaa. Men etter preika sende presten bod ned til lytnanten, at no kunde han sleppa. Daa tok han armen til seg og daska heim til seg sjølv.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *