Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Else Lunde frå Nedre Dalen

Huging på stølen får etterrynje


Elsa Lunde, og det ho fortalde


Etter di du likar å høyre meir slikt, får eg fortelja noko som mor sa hende ved Gamlestoga, stølen vår.

Gjentone på Lunde, ho Anne uppi stogun og ho Anne nedi stogun, var — etter gamal sedvane — på stølen fyrste vika krøteri var på stølen. Då hende det at Støgo-tenestgutane og han Tøstein ved Støga (Nystøga) kom roande over te dei um kveldane og skulde halde moro.

Når gutane kom under landet, huga dei, og gjentone svara i mot.

Men so var det ein kveld det tok te huge so fælt at skjerdingane hoppa på peistreet inne i selet. Då gjentone såg burtpå fjorden, såg dei ingen båt. Men då kann det vel hende dei vart redde!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *