Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Hugvending

I gamle dagar var det nok sume som var so gode at dei kunde hugvende folk. Eg høyrde dei sa at dei gjorde denne åtgjerdi i brennevin. Når dei so skjenkte nokon dette brennevinet, so vart han (eller ho) vill etter den dei vilde han (eller ho) skulde ha. Det vart sagt at ein skulde ikkje ta ved ein dram som vart skjenkt ein, so utan vidare, anna enn ein skulde seia « Jesu namn» fyrst. Då skulde drammen ikkje skade ein noko.

Kulterstaden, som skaut Høylanden, sa dei hadde hugvendt den som vart andre kjerringi hans, so han vart gift med henne. Ho var endå tå Nordre Onstad og heitte Maria.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *