Internt referansenummer: 04.10.08 – A
Kilde:
SEGN OG TRU
Folkeminne frå Møre
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 64
Samla av:
Martin Bjørndal
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1949
Klikk her for å lese fyreordet til boka
Klikk her for å lese en kortfattet biografi om lærer samleren og læreren Martin Bjørndal

Huld frå Hetland

Stend me ein fin sumardag på Oshaugen, ein av dei største gravhaugane frå bronsealderen, hev me eit vent utsyn over bygdene ikring. I nordvest strekkjer Ulsteinstranda seg utover mot havet. I sør-aust ligg byungen Ulsteinvik. I sud reiser dei mektige Rovdefjella seg med snø på toppane, og i vest ser me Runde og alle øyane i Herøy, og so storhavet utanfor so langt auga rekk. — Ned under oss strekkjer so den kvite Osnessanden seg i ein fin boke frå Oshaugen til Solaberget. Dette er laugarstranda i Ulstein. Lette småbylgjer skvalpar innover og lagar våte merke i den kvite sandflata. I sørenden av sandstranda ser me noko stort svart som stikk upp or småbylgjene. Det er vraket av shetlands-skonnerten Rona. Dei svartbrune eikespanta stikk upp av sanden som ribbene på ein daud kjempekval. Den høge stamnen vart lenge nytta til stupetårn av dei badande ungdomane, men no er den burte.

Segna seier: — Det var ufredstider og hardt og tungt for folket vårt på mange måtar. Norske soldatar vart utskrivne i mengd og måtte gjere teneste i Danmark og i andre land.

Knut Hofset i Ulstein høyrde til sjøvernet liksom alle menn langs kysten. Han vart utskriven til floten i København. Det var ein staut sjømann, fedrene hans hadde vore høvedsmenn på leidangskipet i skipreidet. Han var trulova med Else Osnes, dotter til ein av dei mektigaste gardbrukarane i Ulstein, og det var tanken at dei skulle gifte seg til jonsok; for i dei dagar skulle um mogleg alle brudlaup haldast ved jonsoktider elles var det ikkje rett fatt, sa dei gamle kjerringane.

Men so kom krigen. Knut måtte drage heimanfrå. Else lova å vente, men åra gjekk, det eine etter det andre. Knut lærde å skrive i Danmark, og han skreiv ofte heim; men få av breva kom fram. Gunnar, ein velståande gut frå bygda, var og hugteken i Else. — Han nytta tida vel. Han fortalde henne um det fæle livet soldatane førde, – at Knut visseleg hadde gløymt henne for lenge sidan, då ho ikkje fekk noko brev. Ja, han var helst fallen i eit av dei mange sjøslaga som det gjekk gjetord um og kom aldri til å spyrjast meir.

Else gav etter, — ho og Gunnar skulle gifte seg til sumaren. Men då vart og krigen slutt, og Knut Hofset fekk heimlov etter tolv års teneste, — Då han kom heim med ei jakt frå Bergen, var det alt lyst til brudlaup på Osnes for Else og Gunnar. — Else vart so underleg og rar etter den dagen, sa folk. Ho smilte sjeldan og gret ofte. Men no var det for seint å gjere um, att.

Knut vart og boden til brudlaups når einaste dottera til Ottar Osnes skulle gifte seg, må vite. — Dagen kom og mykje bygdefolk, slekt og vener, var møtt fram. Knut var og i laget. Men det var ein ofseleg stormdag. Det leid alt på hausten og dei veldige bylgjene rulla kvitskummande og tunge framover den kvite sandstranda. Knut var sturen. Han og eit par vener stod uppe på haugen og såg utover havet. — Då, vart dei var ein seglsliten skonnert ute millom skjera. Han dreiv mot land utan styring. Det såg ut som mannskapet var gått frå borde og so var det atter komne i drift. — Som ved eit under hadde skipet gått klar både Bodane og Gollå og alle dei andre blindskjera og holmane utanfor, og kom drivande rett mot sanden på Osnes. Det tok grunn, vart lyft av ei svær bylgje og kasta sidelengs innover sandgrunnen, enda ein gong til — so bora kjølen seg ned i sanden. Skipet krengde over so sjøane velte over rekkene – og vart liggande.

Brudlaupsfolket strøymde ned til sjøen og såg undrande på det framande fartyet. — — — «Me må sjå etter um der er folk umbord!» ropte Knut. — «Vil nokon vere med?»

Nei, ingen våga å legge ut i slikt eit rokver. «Ja, so gjeng eg åleine!» sa Knut.

«Du bliv,» skreik kvinnfolka.
«Har ikkje stort å leve etter,» sa Knut, sprang så burt til nausta, treiv ein færing og skuva den på sjøen, hoppa i og rodde utover.

Det såg stygt ut. Gong på gong trudde dei at den vesle båten skulle verte kasta rundt av sjøane. Men Knut var sterk, og han var sjømann. Han borda skipet på le side og kom, seg umbord.

Men du store min! — — Ei ung gjente bunden til stormastra. — Ho er visst død, bleik som eit lik, men so fager likevel. Knut triv slirekniven, kappar reipa og tek gjenta i armane. Ho er varm endå, det er trekningar um augo og munnen. Han jumpar i båten, legg henne varsamt på tiljene og ror som rasande mot land. Men ein brotsjø kjem som set båten hovudstups i kavet og alt kjem burt i bylgjene. Det kom eit skrik frå folket på land; men rett som det er dukkar Knut upp att, med noko liksom ein bylt under vinstre armen. Han sym tungt innover, no og då er han heilt burte i bylgjedalane, men snart får han fast grunn under føtene og kjem berande med den dyre byrda si fram til naustveggen og legg gjenta varsamt frå seg på bakken.

Alle strøymer til:

«Lever ho?»
«Ja, få henne i hus og stell vel med henne,» seier Knut; «eg må heim og skifte.»

Gjenta vart bora inn i næraste huset og vart stelt på beste måten. Ho vart liggande fleire dagar og kom seg litt um senn. — Knut sat kvar dag lenge ved senga og prata med henne. Ho fortalde han soga si:

Ho heitte Svanhild og var frå øya Rona på Shetland. Far hennar var fiskeskipper og åtte skuta som no var forlist. Ho hadde ofte bedt far sin om å få vere med på ein fisketur i Nordsjøen. Han sa lenge nei, men denne sumaren ho var tjuge år, fekk ho vere med. Men so ein dag då faren og mannskapet var gått i småbåtane for å drage linene, og ho for ei lita stund var åleine, kom det tjukk skodde. Straumen var strid og fartyet dreiv austover. Båtane fann ikkje skipet att i den tjukke havskodda. Neste dag vart det vestanvind som auka til storm, og skuta dreiv og dreiv. Sistpå trudde ho at alt var slutt og batt seg sjølv til mastra for å fylgje skipet til botnar.

Eit par dagar etter kom lensmannen til Osnes for å sjå på vraket. Alt som høyrde skipet til, skulle Svanhild ha, og det vart ikkje so lite.

Seinare fekk ho bod heimanfrå at far hennar og mannskapet var berga. Då vart Svanhild glad. Ho vart trulova med Knut og flytte til Hofset. Då gauken gol neste vår, stod brudlaupet deira. Og det sa folk at lukkelegare brudepar hadde ingen sett, og brudlaupet varde då og tre heile dagar til ende.

Av bygdefolket i Ulstein vart Svanhild kalla Huld frå Hetland. Ho fekk ei stor ætt etter seg, og det er endå mange på Sunnmøre som kan rekne ætta si frå henne.

Me kjenner namnet på to av sønene til Knut og Hild. Det var Knut og Steffen. Knut tok seinare garden på Hovset, og Steffen vart gift til Vartdal.

Per Fylling nemner i sine skrifter at Knut Hovset døydde i «den store pestilense», men Hild levde til ho vart gamal kone. Då ho låg på det siste, sende ho bod til prestera i Herøy at han skulle kome å gjeve henne sakramentet. Han kom, men på det vilkåret at ho skulle gje «ett spand jord til Herøy prestebord».

M.B

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *