Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Huldegarden på Soknesmarka

Ved Tussberget på Soknesmarka i Støren har det henda mykje underlag gjennom aldrane.

Ein Vårmorgon i første helvta av det 18. hundraåret var ein kar frå Soknesvaldet på tur utetter sætervegen.

Våronna var ferdig nede i grenda. Karen skulle vøla utgarden på sætra og hogga sommarved.

Det var ein gråhustren morgon. Skodda hang tung og grå over all dalen. Ho såg ikkje ut til å ville letta heller.

Karen kom til Tussberget og ville ta seg ein liten kvil. Som han sto der fekk han høra ein klår klokkeom gjennom skogstilla. Ei matklokke var det visst, og det var ikkje mange av desse i dei dagane.

Og der revna skodda – og der Tussberget bruka vera låg no den finaste garden han nokon gong hadde sett.

Ei stor hovudlån med med så store og så mange vindaugo at han aldri hadde sett maken. Fjøset og dei andre husa var av brunbarka tømmertokkar – mest svarte av solsteiken gjennom mange år.

Og stabburet var av det staselege slaget.

Folket var midt i slåttonna. Dei var nok før ute her enn nede i Soknesgrenda. Spreke karar med ljåar i handa og lettkledde jenter med river. Arbeidet gjekk med lått og moro.

Matklokka tagna borte på garden og ei ung, bunadskledd kone gjekk ned frå burstrappa. Ho vinka nedetter til folka og svinta seg inn att. Og folket stemma til gards.

Så store og veldyrka marker var det ikkje nede i grenda. Og den budskapen som låg og ørta attmed sommarfjøset skulle også mannen gjerne hatt. Det var feite, brannete kyr med store honn. Og midt i flokken sto ein stor mest svart okse og synte kvitaugo, sikla og bles i nasen. Der gav han seg til å grava i marka med framføtene så jordspruten sto.

Ein brannete hund gnall bortmed husa, og der kom han setjande mot utgarden der mannen frå Soknes sot og stødde seg på ein stolpe. Oksen tok til å bjøla. Og ill-læta skar i øyro.

Da braut sola fram gjennom skodda bak mannen. Korkje oksen eller hunden nådde fram til staden der karen sto. Okse, buskap, hund og gard løyste seg opp i disen. Alt sveiv bort som eli lett skodde.

Og der sto karen attmed Tussberget. Han såg berre skog og mark ikring seg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *