Internt referansenummer: 26.09.2011 – BOK
Kilde:
DRAUGEN SKREIK – Tradisjon frå Lofoten
Dagmar Blix
(Klikk her for å lese om Dagmar Blix på Wikipedia)
(Klikk her for å høre utvalgte kåserier av Dagmar Blix på NRK)
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 93
UNIVERSITETSFORLAGET – OSLO – 1965
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Hulder og underjordiske i Lofoten

Dei gamle meinte at det vrimla av levande skapnader i skog og mark — både vonde og gode. Det var hulder og troll, nissar og anna slags herk. Nissane var små, gråkledde tuftekallar med skjegg og rau topphuve. Dei gjorde ingen fortred dersom dei fekk vere i fred. Tvertimot, dei hjelpte til å stelle dyra og andre ting, dei budde helst i fjøs og på låve. Men vart dei sinna, kunne dei vere nokså plagsame. Nissen var ofte det same som gobonden, det vil seie ånda av den gamle bonden som hadde levd der før, og som no gjekk og passa på at alt gjekk godt på garden. Ættekjensla og kjærleiken til heimegarden ligg ofte løynt i nissesogene.

I Kangeruren er det ikkje så lenge sidan folk såg hulder. Ho budde oppe i Kollahauen. Serleg såg dei hulderbarn av og til som keik fram frå steinane oppe i ura. Dei var gjerne vakre og fint kledde. I Trolldalen bur det ikkje folk, og der har huldra hatt tilhald mesta heilt til no, seier ein gamal mann. I Laura i Borge budde det og hulder i langsameleg tid. Ei kone som for omkring og sydde til folk, såg ofte lys der oppe i ura når ho gjekk heim om kveldane.

Unge gutar som for og rusla oppi skog og fjell, kunne av og til få sjå ei vakker huldergjente. Ho var frisk og raukinna, og gjekk klædd i blått skjørt, kvite skjorteermar og raudt snøreliv. Ho hadde ringlande søljer og mykje stas. Ho var flink til å synge og danse, og når ho svinga seg, kunne det hende at ein fekk sjå kurompa som svinsa nedfor skjørt-kanten. Men smile og blinke til gutane — det kunne ho, ja.

Og songen og dansen kunne gjere gutane reint galne av kjærleik og hjarteverk. Det hendte at ein gut gifta seg med ei hulder, og ho vart då gjerne ei snill og flink kone, og ho hadde uvanleg krøtterlukke.

Huldregutane derimot var som oftast stygge og farlege. Dei ville gjerne gifte seg med bumannsgjenter, og det var berre rett som det var at ei gjente vart bergtatt. Då kunne det kanskje hjelpe å ringe etter henne med kjerkeklokke, men ofte vart dei nok borte for alltid.

Ein ung bondegut møtte ei fager gjente borti skogen. Det vart kjærleik og gifting i ein fei, og guten var både glad og stolt over den ferme og fagre kona si, og støvande flink var ho og. Ho hadde ei god hand med alt både i hus og fjøs, så dei hadde lukka med seg i alt og vart velstandsfolk.

Men ein dag ho stod og vaska trebunkane utpå trapphella, såg mannen ein skimt av ei kurompe som dingla nedom skjørtkanten. Då forstod han at han var gift med ei hulder. Han vart lei og hatisk mot kona si etter den tid, men han sa ingen-ting om det han hadde sett. Ofte klaga han på alt mulig, han masa og var reint urimeleg. Men det hendte aldri at ho vart sinna. Kva han enn sa og gjorde, så var ho alltid blid og venleg og arbeidde og strevde så trutt.

Så var det ein dag mannen dreiv og hamra og banka på ein hestesko som var noko skeiv å sjå til. Han fekk det ikkje skikkeleg til og stod der og erga seg opp og gav vondt frå seg. Då tok kona hesteskoen ifrå han og strekte han ut som eit strek. Så bøygde ho han rund og ga han til mannen og sa at no kunne han prøve om han høvde til hestfoten. Det viste seg at hesteskoen høvde akkorat. Men mannen vart bleik, då han såg kor bergsterk ho var, og han lova ved seg sjølv at han skulle aldri meir plage henne som han så titt hadde gjort. Ville ho bruke dei svære kreftene sine på han, så vart det nok synd i han.

Ein mann på ein gard her ein stad måtte flytte fjøset sitt tre gonger for det var i vegen for dei underjordiske (huldra). Han kunne ikkje skjøne kva det kom av at krøttera hans sprakk unna for unna. Så varskudde huldra han ei natt om at fjøset hans stod rett over matbordet hennes. Mannen tok då og flytta fjøset eit lite stykke bort. Men endå så døydde det ein dyret før og det andre etter, støtt drog dei sjølvkreperte dyr ned i fjæra, — så var det ein sau eller eit lam, så var det ein kalv eller endåtil ei ku. Ei natt sa huldra til han at fjøset hans stod rett over barnvogga hennes, og det rann så mykje stygt ned på veslebarnet. Jaja, så var det inga anna råd enn å flytte fjøset enno ein gong, og sidan den tid har både han og krøttera fått vere i fred.

Dei gamle hadde ein song om ei gjente som heitte Ellen og som var ute for huldra. Ellen var trulova og skulle snart gifte seg. Difor streva ho seint og tidleg og sydde på brurstasen sin. Seint ein kveld ho sat åleine oppe på «jomfruburet» sitt, kom det inn til henne ei overlag ven ung gjente som ho aldri hadde sett før. Den framande gjenta hadde langt lysegult hår og bar ein fin blå kjortel med sølvprydd belte og dinglande søljer i bringa. Ho helsa venleg på Ellen og sa at ho budde ikkje langt borte. Då undra Ellen seg over at ho aldri før hadde sett henne.

Gjenta fortalte at ho og var trulova og snart skulle gifte seg, og at ho dreiv og sydde på brurstasen. Men no var ho så reint opprådd, for ho hadde mist saksa si. Kanskje Ellen ville vere så gild å låne henne si saks ? Det skulle ikkje stå lenge på, for brudlaupet skulle stå alt neste dag. Jau, Ellen lånte henne saksa, endå ho lura på at dette vel måtte vere ei huldergjente. Ho takka og let vel og sa at Ellen skulle ikkje ha gjort dette for ingenting. Om ho ikkje ville forsmå så måtte ho gjere så vel å kome i brudlaupet til henne. Det ville Ellen gjerne, men ho visste ikkje vegen. «Eg skal hente deg», sa den andre.

Kvelden etter kom framandgjenta til Ellen og bad henne bli med. Dei gjekk berre eit lite stykke bortanom heimehusa. Der datt Ellen på ei tuve, og sidan visste ho ingenting før ho var inne i ein strålande lys sal, der det lavde og lyste av gull og sølv og stas. Brudgommen stod der pynta med sølvband om håret og ein blå kjortel på seg. Men Ellen tykte nok han såg stygg ut, og ho tykte synd i den vakre gjenta som skulle bli gift med ein slik fæl gubbe. Men han og alle dei hine var venlege mot Ellen og baud henne mat og drikke. Men huldregjenta kviskra at maten kunne ho nok smake på, men mjøden måtte ho ikkje drikke av. Ellen såg gjenter og gutar, kallar og kjerringar som svinga seg i dansen berre så huldresvansane dingla attom dei. Broren til brura kom og tala med henne. Han ville gje henne søljer og ringar, for han var forelska i henne og ville gjerne gifte seg med henne. Då ho ingenting ville ha, tok han til å bli sint, men huldra la seg i mellom og hjelpte henne heim.

Kor lenge ho hadde vore i huldrebrudlaup visste ikkje Ellen, tida stod liksom still inni berget. Ho visste ingenting før ho sat heime på loftet sitt. Med det same tykte ho at ho såg ein blå stakk og ei huldrerove som svinsa ut døra. På bordet låg ei fin sølvsaks. «Den skal du ha for lånet», tykte ho hulder-gjenta sa.

Sidan fekk ho vite at ho hadde vore borte i fjortan dagar. Folk hadde gått manngard etter henne, og festarmannen hen¬nes hadde vore reint utav det. Dei skjøna alle at brura var bergtatt. No var ho på ein underleg måte komen att, og gleda var stor. Det vart eit staseleg brudlaup, og ho og mannen hennes levde lukkelege alle sine dagar. Dei fekk ei stor slekt etter seg, og huldresaksa gjekk i arv og skal vere i slekta si eiga den dag i dag. (Etter mormor.)

Så var det ein gong to smågjenter som gjette smalen. Men då det var kveld, og dei skulle ha dyra heim, var dei lukst borte. Gjentene leita og gret og visste ikkje si arme råd. Då kom dei borti ein stor flokk sauer og geiter. Dei såg gjennom flokken, for dei trudde at deira dyr var med der, men dette var berre framande. Feite og fine var dei, sume var blå og andre kvite. Brått stod det ei vakker gjente attmed dei.

«Kva er det de gret så for?» sa gjenta, og søstrene fortalte at dei hadde mist smalen, og no var det seint og mørkt, så dei kunne ikkje finne dyra, og heim torde dei ikkje kome utan smalen. «Vil de at eg skal hjelpe dykk å leite?» sa den fra-mande gjenta, og det ville dei sjølvsagt gjerne. Gjenta tok dei då med attom ein stor stein. Der banka ho på, og ei dør gleid opp. Dei kom inn i ei huldrestue. Ei gamal kjerring stod attmed gruva og kokte graut, ungar slost og leika seg på gol-vet, og borti ei krå låg ein gamal mosegrodd kall. Kjerringa sette graut på bordet til alle tre gjentene. Men den eldste gjenta kviskra til søstra at huldremat måtte dei ikkje smake, for då kom dei aldri heim. Kjerringa vart sinna for dei ikkje ville ha maten. Ho masa mykje på dei, men dei korkje åt eller snakka.

«Forsmår dei maten vår?» murra den gamle, mosegrodde kallen og tok til å reise seg borti sengbolet. Gjentene vart redde og prøvde å finne døra. Huldregjenta leidde dei då ut, og der stod smalen deira rett utfor veggen til huldreberget. Der var ein vakker huldresau i lag med, og dei prøvde å skille han ifrå, men då høyrde dei huldregjenta ropa : «Den skal dokk få». Dei var glade for den fine sauen, og det vart eit godt elde etter han som hadde slik silkemjuk ei ull og så eiegod ei mjølk.

Det var ein gong ein mann som sat og vogga den vesle gjentungen sin. Då visste han ikkje ordet av før det stod eit stort, vakkert kvinnfolk inni stua. Han visste ikkje kva veg ho hadde kome — om det var gjennom døra eller pipa. Det såg mest ut for han som ho steig rett ut frå gruva. «Dokk skal kall bane for Indignna», sa kvinnfolket — og det måtte vere ei hulder, det skjøna mannen snart.

«Nei», sa mannen. «Vi har gjett bane namn, og det namnet skal ho ha.» «Kall bane for Indianna, seier eg», sa huldra sint. Dermed kom ho bort, han såg ikkje kva veg ho tok.

Men gjentungen vart så daue sjuk om natta at dei trudde reint dei skulle misse henne. Då frykta dei for at det var huldra som hadde «sett ondt» på henne, og dei døpte henne nokså snart og kalla henne Indianna. Då var heile sjukdomen som stroken av henne, og ho vart ei frisk og vakker gjente. No er ho for lenge sidan vaksen og godt gift.

Det var ein vanleg skikk før i tida at ein bås i fjøset alltid skulle stå tom. For folk visste då så vel at hulder og haugbu gjerne hadde sitt fjøs rett under menneskja sitt fjøs. Fekk ho då for lite båsrom til sine krøtter, så berre ho låntok den tome båsen. Til takk brukte ho å stelle og passe menneskekyrne, så dei vart feite og fine og trivelege. Men tok dei i bruk hulder-båsen, kunne ho finne på å «sette ondt» på det dyret — og kanskje på fleir, for ho var hemngjerrig av seg.

Det måtte vere stilt i fjøset på ei viss tid om kveldane. Ho gamle farmor brukte å seie til gutane : «No vil dei ha det stilt dei som under oss bur». Men gutane var no som gutar flest og ville styre og bråke både morgon og kveld. (Hol i Lofoten.)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *