Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland I
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG XVII
Oslo 1928
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese «fyreordet» (Med bilde av Torkell Mauland)

Hulder paa Hindaraaker

I eit fjell paa Hindaraaker (i Avaldsnes) var det huldrer i gamle dagar. Naar folk heldt seg til vens med deim, laga huldrerne det alltid so at desse folk fekk god løn fyr det same. I ett hus paa garden hadde dei eingong lete huldrerne faa heile huset til aa halda lag i. Husens folk for burt or huset, so huldrerne fekk raa seg aaleine. Daa husfolki kom att, var huld-rerne burte; men dei hadde lete etter seg mange gilde ting; tvo store belte med sylv-stas paa, dertil nokre smaa sylv-skaaler, fine klæde, god mat og mange andre ting.

Den vissaste maaten aa verja seg fyr huldrerne var aa setja staal yver kvar ein ting. Naar nokon hadde ein god ljaa eller kniv, og den vart av-broten, so braut dei han i mange stykke. Desse stykki vart daa kalla «trek-oddar», og dei var den beste verja som ein kunde faa imot huldrerne.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *