Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Hulderberget paa Stokkastrandi

Paa Stokkastrandi ved Koparvik er eit berg som dei kallar Huldreberget. Der skal det ha vore fælt fullt av huldrer i gamle dagar. Ein gjætling var ein gong ute og leita etter smale. Daa vart det snø og rennedriv, so han ikkje kunde sjaa og fór villt. Daa det leid paa, fann han seg ei livdakraa attmed eit berg; der la han seg ned og sovna. Midt paa natti vakna han upp av ein fæl sjau han høyrde; daa kunde han skyna at det var fullt av livande kringum honom. Han vart redd og fælen og treiv etter kniven, og han skar og stakk rundt ikring. Daa vart det stillt med ein gong; for huldrerne vart til steinar. Um morgonen fekk han sjaa eit hol i berget som han aldri hadde kjenst ved fyrr. Der gjekk han inn og fann mykje gull og sylv og andre gjæve ting. Det var slikt som hadde høyrt dei underbuande til.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *