Kilde
Det mørke landet
Nordnorske eventyr og segner
Av Edvard Ruud
Illustrert av Karl Erik Harr
Fonna Forlag 1980
Gjengis med spesialtillatelse av
Edvard Ruuds sønn;Tore Ruud

Hulderguten som blei menneske

Det hendte i Nordland. Ein vinterkveld gjekk dottera i huset til bekken etter vatn. Det var seint om kvelden, men månelyst. Då ho var komen om lag midtvegs, fekk ho sjå ein blåkledd glunt gå berre nokre steg attfor henne. Ho trudde først det var ein av nabogutane, og venta på at han skulle helse. Men han berre følgde etter, og det mukka ikkje i han. Ho snudde seg og spurde kven han var, men fekk ikkje svar. Han berre stirde på henne. Då heiv ho bøtta etter han og la på sprang heimetter. Men i det same ho slamra døra att, såg ho den blåkledde glunten sprang om husnova.

Etter den dag følgde hulderguten henne kor ho gjekk når det var mørkt. Ho var ikkje redd han. Ho syntes heller vel om guten. Så var det ein kveld ho skulle gå ned i kjellaren eit ærend. Då stod hulderguten der. Ho hadde då høyrd at dersom ei hulder fekk ein drope kristenmannsblod på seg, så blei ho menneske. No tenkte ho at det kanskje var dette guten ville. Då tok ho opp av lomma si ein liten kniv, og skar ei lita rift i handbaken sin og strauk blodet over kniven. Ho rispa då hulderguten i kinnet med den blodute kniven. Då kasta guten seg på kne framfor vekja og sa:

«Takk for det du har gjort. Lenge har æg venta på å bli kristenmenneske.»

Så gifta dei seg, – og folk kunne alltid sjå knivrispet på det venstre kinnet hans. Dei levde løkkeleg og lenge, og enno er der ætlingar etter dette ekteparet i Ofoten.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *