Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Huldra

Eit gomalt eventyr fortel at det var soleis huldrefolket kom til:

Ein gong var Vårherre ute og gjekk og so kom han inn til Eva for å kvile eit bil. Då Eva fekk sjå han, heldt ho nett på å vøle ungane. Nokre av dei var tvegne og hama; men nokre var endå uvaska og pjuskne av seg. Desse tok Eva og gøymde ute i koven. Då so Vårherre kom inn, sprang borna burt til han, og han tok dei på fanget og leika med dei, og dei vart so glade. — Men so spurde han Eva um ho ikkje hadde fleire born. Ho neitta det. Då vart Vårherre harm i hugen og sa:

”Alle som er dulde
skal verte hu]de,”

og dermed gjekk han. Då Eva skulde sjå etter borna i koven, var dei vortne so underleg rare og trollvorne med lange rover og fæle snyteskaft og so arge at ho visste seg inga råd med dei, men jaga dei på skogen. – Frå dei ættar alle huldrefolk.

Ofte vert huldra skildra som fager; men det er falskt skin. Helst er det den unge huldregjenta som er so dårande med brunt, skinande hår, blå augo og so roseraud ein liten munn som noko gjente kunde ynskje seg. Ho hev blå kleder pynta med sylvsnorer, ringar og stas som ei prinsesse og hagleg og fin i all si framferd. Og mang ein unggut hev ho lokka i snara si, so han hev vor te hugstolen av venleiken hennar; men likso jamt hev han fenge stygg til henne, når han hev vorte var den lange duskerova, som ho i lengste laget hadde prøvd å dylje.

Gifting millom kristenmann og hulder finst der mange eventyr og segner um; men då misser huldra alltid rova når ho kjem for altaret. Verre er det for ei kristengjente um ho gifter seg med ein huldrekall, då vert ho hulder og må bu i berg og aldri fa sjå Guds fagre sol og dag meir.

Huldrefolket bur i haugen, kallast difor haugfolk, underjordiske, men bur og i berg, hamrar og urer. Huldrefolket driv med kryterstell og gardsbruk, liksom bonden sjølv. Krytra åt huldrefolket er sers feite og fine. Kan du vere så hoppen, når du ser dei, at du fær kasta stål over dei, so kjem du til å eige dei, og dei vert som andre kryter. Um sumaren held huldra mest til lengre uppe i avdalane og på dei høgste og mest dulde beitesmarkene; men um hausten når folk fer heimatt frå sætrane, flytter huldra inn i sela, so ein må vere varsam med å fare til støylen ved vintersleitet, då ein elles lett kan uroe huldrelyden.

M. B. 1901.

Huldrebrudlaupet på Fjelle

På Fjelle, ein gard som ligg einbølt og langt frå storbygda, var ein gong for lange tider sidan ei ferm og fager møy som heitte Sylvei. Festarmannen hennar var frå grannebygda. Dei var so glade i einannan som noko elskande par hev vore, og skulde snart gifte seg.

Men so vart Narve skreven ut til hermann, og då han var fatig, so kunde han ikkje løyse seg fri, men laut drage hermannskleda på og fare til konungs København. Sylvei gret og lova å vere honom tru til han kom att.

Sumaren etter låg ho på støylen. Då det leid eit bil, tok det ofte til å kome ein framandkar å vitje Sylvei um laurdagskveldane. Han gjekk alltid i blå klede, prydde med sylvknappar og var ein lentug og spræk kar, endå ho tykte han hadde vel lang nase til å vere eit vanleg kristent menneske. Sistpå, tok han beint fram til å beile til Sylvei. Han fortalde at han var einaste barnet og hadde ein fager gard som heitte Haugabol. Men Sylvei sa at ho alt var trulova og vilde ikkje svike festarmannen sin, endå ho aldri høyrde noko frå honom. So gjekk den sumaren. — Neste støylstid var Sylvei atter på sætra. Og det varde ikkje lenge før framandkaren var komen, og var like tråsøken som før. Men Sylvei synte honom vetravegen framleides. Tridje sumaren kom og framandkaren likeeins. Sylvei var sorgall og tunglynd; for ho hadde ikkje frett frå Narve i alle dei tre åra. Framandkaren fortalde at han hadde høyrt at der var halde eit stort slag der mange hundrad var fallne. Då trudde Sylvei for visst at Narve var fallen, og framandkaren tala so lenge og lokkande åt henne at ho sisttå samtykte i å gifte seg med honom. Han reiste då etter skyldfolket sitt, og ein dag kom der eit heilt fylgje ridande til sætra. Det var fagna hestar med blanke beitsl og salar, og dei som på sat, var alle i høgtidsbunad. Men då skyna Sylvei grant at det var haugfolk; for kor vent kvinnfolka deira var hama, so såg ho likevel rova dilla bakum kvar ei, endå der på rovetaglet var bunda den fagraste silkesløyfa. Men no var det for seint å kome frå lovnaden sin.

Vermora, skulde verte, ei gamal diger haugkjerring med den mest krokute nasa og den lengste rova av alle, tok straks til å pynta Sylvei til brud. Og der vanta det ikkje brudestas. – Stakkar av det venaste raude ty med sylvsnorer på, livet av same slag, men endå meir utstasa med sylvsyljer og krotasaum, og so brudekruna av skire sylv med gyllte dinglande lauv i. Men Sylvei var ikkje glad, ho var sorgall og gråtkjøvd; for no visste ho so vel at ho snart skulde i berg og haug og aldri meir få sjå Guds fagre sol eller meir få leike millam jamlikane sine…

Bruda vart leidd åt høgsætet og brudgomen sette seg ved sida, og alle dei andre haugfolka sette seg kvar etter sin vyrdnad nedefter langs bordet. So tok dei til å ete og drikke; men bruda var ikkje god for å smake ei tugge; ho tykte det lukta av møk all den fagre brudlaupsmaten.

Men nett same kvelden var Narve attkomen frå Danmark. Og den fyrste han vilde vitje var Sylvei. Då ho ikkje var heime på garden, gav han seg i veg til sætra. Byrsa si hadde han med seg. Då han kom fram til sætra, høyrde han ståk og gaman i selet. Han stiltra seg då burt til ein glugge og glytte inn. Jau, då fekk han sjå heile stasen. Brudgomen skulde nett til å kysse bruda si, men kunde ikkje vidare kome til, for den lange nasa. – Men då kunde ikkje Narve styre seg lenger, men rette byrsemulen inn gjenom gluggen og sikta midt på hjarta åt brudgamen. – Det vart ein forfælande smell og eit skrik og rop av alle dei vitskræmde huldrefolka som for på dør berande brudgomen millom seg, slengde seg på hestane og reid vekk i vitlaus redsle.

Då Narve kom inn, satt Sylvei att med heile brudastasen. No hadde ho fenge rette brudgamen, og det varde då heller ikkje lenge, før det vart eit skikkeleg brudlaup. Men same stasen hadde bruda, og den finst enda, og kallast Fjellssylvet den dag i idag.

M. B. 1904

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *