Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Huldra i Støren

Ein mann frå Aunøien i Støren hadde ord på seg for å vera ein brand etter kvinnfolk, men han var ikkje gift.

Det var i 1780-åra. Han hadde vore ned i Støren med hest og kjørte heimatt i måneskinet ein kveld.

Snøen var komen. Det var blistrande kaldt og det riksa og remja under meiane.

Da han kom framom Mo kom det eit kvinnfolk og hoppa på doninga til han. Han kjende henne ikkje, men han lika seg retteleg godt der han sat og småprata og mol som ein gammal hankatt.

Noko svar fekk han ikkje. Ho berre klinte seg innpå han. Snart var ho framma og snart var ho bak.

Med kvart vart han redd og smatta på hesten så det gjekk i tanande renn. Men ho hang med.

Først på Rogstadvaldet vart han kvitt henne, men han kunne ikkje seia korleis ho vart borte.

Hesten var heilt skumvåt da han svinga inn på heimetunet. Det var ein svart gjælk, men no såg han kvit ut. Det hang skum-tappar mellom bakføtene på han.

Mannen sjøl var så utkjørt at han ikkje var kar til å setja inn hesten. Tenestguten måtte spenna ifrå og tørka av hesten.

–    ”Det tæ på med slik kvinnfolkriæling, sa han som fortalde. Og mannen var kurert han. Slikt kjør ville han            ikkje ha oppatt."

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *