Internt referansenummer: 24.10.2010 – A
Kilde:
FOLKETRU OG FOLKELIV PÅ HÅLOGALAND II
Johan Hveding
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 53
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1944
(Klikk her for å lese Fyreordet til boken)

Huldra på Hjelmen

Hjelmen4

Hjelmen og Håja
Fotograf: Trond Olav Løkken

Ei mils veg sør for Hamarfest ligg to store holmar. Den eine heiter Hjelmen, og den andre heiter Håja. Det veks mykje moltbær på begge desse holmane, men mest på Hjelmen. Der får moltbæra stå mest i fred bg, for huldra held vakt om ho, meiner dei gamle. Om somrane reiser enno mykje folk ut til Håja og plukkar bær. — Ein gong var det ei ung og mykje kvik gjenta som var med til Håja i eit slikt bærlag. Jomfru Peers kalla dei henne. Der ho var i laget, vart det alltid både hugnad og gaman. Vågsam var ho bg. Ho var lys og vakker, og alle syntes svært vel om henne. No syntes ho at det var for gale at moltene på Hjelmen skulde stå der til inga nytta. Ho vilde dit bort å plukka. Ja, når ho vilde fara dit, var det fleire av fylgjet som sa, så skal vi bg fara. Så redde dei til Hjelmen. Mykje bær såg dei, og så bar det til å gå kvar til sin kant av holmen og plukka. Då dei skulde reisa heim, var jomfru Peers ingen stad å finna. Dei venta; men ho kom ikkje. Dei tok til å leita, og leita til det vart skymt, og inga jomfru Peers var å sjå. Så laut dei fara heim til Hamarfest om kvelden.

Neste morgon reiste dei og leita att. Sola var då oppe for lenge sidan. Då dei vel var komne i land på Hjelmen, fekk dei sjå ei bærspann som blenkte oppe på ein bergknaus. Nedanfor satt gjenta både still og stur. Her sat ho i går bg, då ho miste kameratane, fortalde ho. Men så kom det eit ungt parfolk og bad henne heim med seg. Der hadde ho vore til no nys. Ho hadde havt både mat og moro der ho var, fortalde ho. — Frå den dagen var gjenta ikkje til å kjenna att. Ho var fåmælt og still og log aldri meir. Enno er det dei som ikkje torer fara til Hjelmen og plukka molter.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.