Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Huldra på Tjønnvolla

Langlandsætra i Alen låg i gammal tid på Tjønnvolla innmed Riasten. På denne staden var underjordingane sers leie. Det var serleg ei hulder som aldri let korkje dyr eller bruksting vera i fred. Koppar som sto oppvaska til tørk ute, vart grisa til på ymse vis.

Til slutt vart dei nøydde til å fløtte sætra. Dette gjekk for seg kring 1760, og etterpå vart det roleg.

Gammalfolket på Langland tala mykje om dette i 1880-åra. Det var no slik fortald gjennom slektene.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *