Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Huldra

Eit gomalt eventyr fortel at det var soleis huldrefolket kom til:

Ein gong var Vårherre ute og gjekk og so kom han inn til Eva for å kvile eit bil. Då Eva fekk sjå han, heldt ho nett på å vøle ungane. Nokre av dei var tvegne og hama; men nokre var endå uvaska og pjuskne av seg. Desse tok Eva og gøymde ute i koven. Då so Vårherre kom inn, sprang borna burt til han, og han tok dei på fanget og leika med dei, og dei vart so glade. — Men so spurde han Eva um ho ikkje hadde fleire born. Ho neitta det. Då vart Vårherre harm i hugen og sa:

”Alle som er dulde
skal verte hu]de,”

og dermed gjekk han. Då Eva skulde sjå etter borna i koven, var dei vortne so underleg rare og trollvorne med lange rover og fæle snyteskaft og so arge at ho visste seg inga råd med dei, men jaga dei på skogen. – Frå dei ættar alle huldrefolk.

Ofte vert huldra skildra som fager; men det er falskt skin. Helst er det den unge huldregjenta som er so dårande med brunt, skinande hår, blå augo og so roseraud ein liten munn som noko gjente kunde ynskje seg. Ho hev blå kleder pynta med sylvsnorer, ringar og stas som ei prinsesse og hagleg og fin i all si framferd. Og mang ein unggut hev ho lokka i snara si, so han hev vor te hugstolen av venleiken hennar; men likso jamt hev han fenge stygg til henne, når han hev vorte var den lange duskerova, som ho i lengste laget hadde prøvd å dylje.

Gifting millom kristenmann og hulder finst der mange eventyr og segner um; men då misser huldra alltid rova når ho kjem for altaret. Verre er det for ei kristengjente um ho gifter seg med ein huldrekall, då vert ho hulder og må bu i berg og aldri fa sjå Guds fagre sol og dag meir.

Huldrefolket bur i haugen, kallast difor haugfolk, underjordiske, men bur og i berg, hamrar og urer. Huldrefolket driv med kryterstell og gardsbruk, liksom bonden sjølv. Krytra åt huldrefolket er sers feite og fine. Kan du vere så hoppen, når du ser dei, at du fær kasta stål over dei, so kjem du til å eige dei, og dei vert som andre kryter. Um sumaren held huldra mest til lengre uppe i avdalane og på dei høgste og mest dulde beitesmarkene; men um hausten når folk fer heimatt frå sætrane, flytter huldra inn i sela, so ein må vere varsam med å fare til støylen ved vintersleitet, då ein elles lett kan uroe huldrelyden.

M. B. 1901.

Skjærdingen på Litleeng

På Litleeng i Surnadalen skal vere ein gamal skjærding som det aldri finst make til. At skjærdingen kom til garden, gjekk fyre seg soleis:

Ein vintermorgon tidleg då kjerringa, på Litleeng stod upp og skulde nøre varmen på åren, vart ho var ein slik umframt fin linde framanfor peisen. Kona skyna straks at det var dei underjordiske som åtte linden, og ho visste og at tok ho i den so vilde huldrefolket ha mist den for godt. Huldra hadde vore inne um natta og stelt barnet sitt ved varmen, og so hadde ho gløymt att linden. Kjerringa tok difor ein kjepp, tok linden på den og gøymde den til kvelden kom. Då alle hadde lagt seg, fann ho fram linden og lagde den ved åren, for då visste ho at huldrekona vilde finne han att, når ho kom att um natta; og det var ho sikker på ho gjorde, når ho sakna linden.

Jau, då natta kom, kjem der ei lita, men fager kjerring ut i koven der Litleengkona og mannen låg. Huldra hadde med seg ein skjærding som var so fin at det lyste av han, og so umframt frå seg gjord at ingen smed i Surnadalen hev kunna gjere maken til denne tid. — Skjærdingen gav ho til Litieengkona som takk for velgjort.

M. B. 1905


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *