Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Huldra ved Langvassmyra

Ein gutunge frå Nordgård i Ålen gjætte kyrne ved Langvassmyra. Det er mellom Hessjøen og Øyungen. Elva eller bekken frå Hessjøen blir kalla Litjhessja.

Som han sto der midt i kuhopen kom eit sommarkledd kvinnfolk gåande. Ho bar på ein liten suttersam unge.

Rett på bergveggen gjekk ho og vart borte inni berget. Det var som det åpna seg framfor henne og glei att bak.

Han som såg dette var ein gammal mann da han tala om det i 1909. Og han var hoggande sikker på at han hadde sett både huldra og ungen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *