Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om, og se bilde av Anne Torsteinsdotter Hermundstad

Huldragjenta held i fotebladet hans far

Anne Torsteinsdotter Hermundstad fortel


«Hugsar du meir um haugafolk?» spør eg, då samtalen stana, og Anne gjer mine te å vilja gå.

Jau, han far fortalde mykje um dei; han var ofte ute for dei sjølv med.

Ein gong tala han um at han var att på stølen um natti etter at dei hine var buførde. Då det leid på natti, og han hadde sove litt, vakna han ved det at ei ung, fin gjente stod ved sengi og heldt han i eine fotebladet og lo so godt.

’Han far tala te henne litt, men ho svara ikkje, berre stod og lo endå meir.

Slik stod ho ei lang stund. Ikkje sa han far meir, og i henne knatt det ikkje. Te slutt kvarv ho burte, stilt som ho hadde kome.

Dette tala han far um ofte, so det var nok sant.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *