Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland I
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG XVII
Oslo 1928
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese «fyreordet» (Med bilde av Torkell Mauland)

Huldreberget paa Austreim i Skaare

Paa Austreim i Skaare er det eit berg som heiter Huldreberget. Det gjeng tri store rivor fraa nedste enden alt til topps, so berget ser fælt sund-rive ut. I ei av rivorne er det soleis laga at det vert ei hola som kunde rymja 3-4 mann samstundes. I desse rivorne skal huldrerne hava halde seg i gamle dagar. Fyrr i tidi kunde folk høyra at huldrerne spela og dansa der inne; men no er det lengje sidan folk høyrde slikt.

Namnet «Huldreberget» finst elles paa mange andre gardar. I seinare tid hev huldrerne og andre troll helst fare so stillt at namni jamvel vert gløymde. Trui paa huldrerne er heller ikkje so sterk no lenger at det kann halda liv i slike gamle truer.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *