Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Huldrebudskap i vegen

Ei gammal kone i Meismyra i Ålen fortalde at ho hadde sett tussar som flytta til sætra. Det var i ungdomen ho hadde vore ute med ei øksenku, og det var i vegen på Holden. Der kom ei ferd med små blåkledd kall og kjerring, dei hadde ein stor kuhop. Kyrne var små og blå i hårlaget. Det var tidleg på våren og ingen dyr var komne ut i Ålen enda. Det var små hestar med flyttelass og kallane og kjerringane prata og lo.

Denne hendinga er frå rundt 100 år sia.

Same kona hadde mykje livsvisdom til nyfolket på garden. Mellom anna måtte dei aldri finna på å slå ut heitt potetvatn etter at det var mørkt om kvelden. Dei kunne slå «i huggu på småkallom» og da ville dei koma til å hemna seg på eit kvart viset.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *