Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Huldrebuskap i Ålen

Huldrebuskapane er ikkje heilt borte enda. Det var seint på hausten og mange hadde alt flytta heim frå sætra. Kjerrengvoll-vollen sto fråflytta og tom. Ei kone på Østengvolla skulle fram-over til Øyungen ein tur. Dei skulle vera noen dagar enda før dei flytta heim. Da ho kom framom Kjerrengvoll-vollen fekk ho sjå ein stor kuhop som låg attmed fjøsdøra og ørta i haustsola. Det var store svarte dyr med lange honn. Og ingen i dette stroket hadde slike dyr. Østengvollen ligg ved Meiåøm. Kona kunne ikkje seia kva slag dyr ho hadde sett, men buskapen han låg no der attmed fjøsdøra og venta på ein kvan. Denne hendinga er frå vår eiga tid.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *