Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Huldrene ved Utsira

Ein mann i Utsira skulde ein gong ut og fiska. Daa han va komen dit som han vilde, vart han var noko uppe i ein holme. Han kunde ikkje skyna kva det var, men han ropte upp og spurde um der var folk. Svar fekk han ikkje. Men i det same var det ei budeigja som lokka paa kyrne sine. Daa kom det eit rop fraa henne som i holmen var; anna høyrde han ikkje fraa henne. Men sidan fekk han vita av gamle folk at det jamt hadde hadde seg huldrer i den same holmen.

I den same tid var det ei kona som skulde baka flatbraud. Best som det daa var, kom det ei mengd med møk paa leiven. Ho sopa det av; men det kom straks atter, og soleis gjekk det tri vendor. Daa kom ho i hug at ho skulde gjera kross-merke paa leiven, for det skulde huldrerne vera redde. Det hjelpte, og sidan var ho fri baade huldrerne og onnor plaaga.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *