Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland I
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG XVII
Oslo 1928
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese «fyreordet» (Med bilde av Torkell Mauland)

Huldrerne paa Litlasund

Ei gamall kona budde fyr lengje sidan i eit gamalt hus paa Litlasund (i Skaare), og det huset stod midt i garden. Det var bygt attmed ein stor stein, soleis at halve steinen stod inne i kjøken. I denne steinen budde det bergfolk eller hul-drer, vart det sagt. Um kvelden kunde folk sitja inne og høyra paa kor huldrerne ramla med grytorne.

Folk var helst redde aa koma i kjøken um kvelden. Snart-som dei leda paa dørerne, so susa og buldra det kringum øyro deira. Men den gamle kona var ikkje redd. Ho var so til vens med huldrerne, at so snart ho kom, flokka dei seg kringum henne og nappa henne i stakkarne. Dei tenkte aa faa eitkvart. Ho gjekk straks og skar smaa stykke av fleskeskinka; sume stykke kasta ho paa golvet, og nokre lagde ho paa steinen. Daa var det berre ein, tvo, tri, so var det fare alt.

Gamla hadde umsut fyr huldrerne paa alle vis. So snart det fór til aa myrkna um kvelden, maatte alt vera stillt baade i heimehus og løda, so ikkje huldrerne skulde verta uroa. Vart dei det, so kunde ein vera stød paa at dei vilde hemna seg; men fekk dei raada seg som dei vilde, so gjorde dei mykje godt. Venta dei ei ku um natti, so slapp folk vaka. Dei sette ein stor tjøre-kross paa døri; men daa for dei so løynt at huldrerne helst ikkje skulde merka det; sidan hengde dei mjolkebytta paa ein nabb under bjelken. Naar daa folki kom aat fjoset um morgonen, var alt som det skulde vera: Kalven i garden, mjolki i bytto, og kui hadde fenge mat.

Daa den gamle kjerringi døydde, var det ingen lenger som tenkte paa huldrerne. Dei gjorde heller alt dei kunde til aa erta deim og gjera deim vondt. Daa vart dei harme og tok til med larming um næterne, so det mest var uraad aa faa sova i huset. Sistpa reiv dei harmen ut paa buskapen. Daa laut folk setja vakt i fjoset heile næterne. Dei laut skjota inn i løda og fjos, og mina sund steinen i kjøken fyrr det vart fred aa faa. Men daa laut huldrerne flytja av til eit anna berg. I Skoga-berget hev dei sidan butt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *