Internt referansenummer: 11.03.2011 – II – BOK
Kilde:
EG MINNEST
Nils Sund
Klikk her for å lese en «minibiografi» om Nils Sund.
Nils Sunds forlag
Haugesund 1951
Nils Sund trykkeri, Haugesund
Klikk her for å lese innledningen

 

Hus og heim i “gamle Haugesund”

 

Det me ikkje veit om, saknar me ikkje. Så lenge me ikkje visste om koks og koksomnar syntes me at steinkol og etasjeomnar var goe greier endå me måtte sota kvar veka og sjå etter støtt at dei ikkje slokna. Om haustane kjøpte me heim så møkje kol som me hadde plass te. Prisen var då 90 øre hektoliteren, levert på huse.

Om kvelden før me la oss, hadde ei av tenestejentene på seg å kara saman varmen i omnen i spisestuå og dekkja ‘n godt med oska så ‘an held seg te måråns. Då tok hu glør i ei eldskuffel og la inn i omnane i dei andre stuene. Med litt ved og kol oppå blei der straks godt og varmt.

Mor var redd for elden. Ingen måtte gå på loft eller i kot med ope lys, heller ikkje bera glør i opå eldskuffel. Den me brukte hadde vegger og låk med trekkhol framme. Te å tenna med brukte me svovlstikker. Sikkerhetsstikker fekk me ikkje før i 80-årå. Me hadde liggjande stål, flint og knusk (tunder), men eg såg aldri det blei brukt. Det låg der vel te ei naudberga om det ein dag ikkje var stikker å få.

Elektrisk lys sakna me ikkje, for det visste me heller ikkje om. Me hjelpte oss godt med parafin-lamper og hadde i bruk flat- og rundbrennerar i alle storleikar, hengjelamper, bord- og vegglamper. Det var møkje arbei med å fylla og pussa, men dei var bedre enn talglys for ikkje å snakka om den kålå me hadde i kjellargruå.

Me hadde ei god nattlampa te bruk når det var sjuke eller småbarn i huse. På apoteke kjøpte me ei øskja med 100 små veikar og ein flåttør. Så fyllte me eit glas halvegs med vatn, slo matolja på og la flåttøren med veik i oppå oljå. Når me sengjetid tendte på, brende veiken te måråns utan å osa og lyste så pass at me var vel tente med det.

Når eg nemner småbarn og nattlyse ser eg for meg madam Reiersen når hu kom med senggraut te mor. Fløytegraut, gul av safran, med smørauga og korinter, kanel og sukker. Me bådnå ynskte hu måtte gå snart ,så me kunne få’an i oss.

Springvatn sakna me. Det hadde me høyrt gjete. Men me hjelpte oss med brunnar. Der var brunn mest te kvart hus. Me hadde vår i kjellaren. Vatne bar me opp på kjøken og hadde det i store steinty-krukker. Hende det om sommaren at brunnen torka, bar me vatn frå Sunniva-Jakob sin på hjørna av Kjerkegatå og Djupaskarsvegen. Den traut aldri. Dei sør i byen henta vatn i Storasundsbekken eller kjøpte hos brunneigerar for 3 øre færå. Me bar kvar si fær (2 bytter) i vassele. Oppå vatne la me trekrossar eller store høymolblar for at det ikkje sku skumpla øve. Dei inne i byen som ikkje hadde brunn, kunne henta vatn i offentlege pumper. Der sto ei på Nera-torjå mellom Bergens Privatbank og Amliehuse, ei nord med Ole Michael Christiansen og ei sør med Norges Bank. Det var møkje moro og kurtise attmed pumpene. Styrepinnane (elevane på sjømanns-skulen) var sers galante kavalerar og mange av dei tok hyra for levetiå med jenter, dei fann der. Dei tri bakarane på Torjå, John Malmin, Samel Olsen og Ole Malmin hadde fast vassberar som kom kvar dag med vatn frå Brubakken og fekk 2 skilling færå.

Men så, i 1877 blei der lagt springvatn og kloakkar i hovedgatene — før hadde det vore hol-veiter — og dei som budde lagleg te, fekk springvatn og avlaupsrøyr inn i huse. Dei som ikkje rokk borti, henta vatn frå offentlege springar som sto på eit og anna hjørna rundt om i byen.

Om vårane kjøpte foreldrene mine ein grisunge som me gjødde opp og slakta om hausten. Eit år hadde me ein som ikkje ville ut av huse. Koss sku det gå når slaktaren kom og me ikkje kunne få han ut? Det måtte gjerast alvor av å venja’n te å koma ut sjøl.

Ein go’versdag prøvde mor og tenestejentene å få’an ut, men nei. Så kom krambuguten: «Eg ska få’an ut». «Greie du det, ska du få ein dale», sa mor. Han gjekk inn i grishuse, sette tau bakom framlabbane og sleit. Men grisen er verdens verste vrangpeis og te meir guten drog framøve mot dørå te lenger inn gjekk grisen. Så gjekk guten inn og drog bakøve og framøve, men grisen gjekk i tur og orden framøve og bakøve, men aldri med hove eller bakenden mot dørå. Det var teater heile dagen, men guten ville ikkje gi seg og vann te slutt, både penger og æra.

Te slaktingå kjøpte me ein halv kuskrott og noken lammeskrottar og laga opp mat for vinteren. Det blei møkje god mat: ribber, skinker, salt flesk, griselabbar, rullepylsa og det besste av alt: heimelaga pylser og finker. Det var ikkje snakk om vegetarkost den tid.

Noke talg brukte me te lys. Me hadde lekter med hol i, i kvart hol hengde me ei lysform av blikk og ein veik midt i formå. Så slo me smelta talg oppi og når hu storkna var lyse fer’igt.

Om haustane var det ferskt kjøt å få, men elles lite. Då var det helst bønder som gjekk med ein kalvaskrott på skuldrå og bau’an fram frå hus te hus. Men etterkvart blei det bedre. I 1890-årå var her fine kjøtforretningar.

Fisk var her nok av. Torsk heile året. Sild, sei, lyr, makrell og hysa te kvar sine ti’er og småsei i mengdevis om sommaren. Me kunne sjå han gjekk i stimar langs Litlasund-strendene. Det var moro å kippa’n (dorga med stong) i Salhus, rundt Treboane og Tonjer eller koma heim om somrakveldane med mort som me hadde glipa ute med Møllerodden. Det hende småseien kom ner i 40 øre for 100 og morten i 7 øre ausfate. Etter sommarferien kunne me ro ut på Garsvikjå om ettermiddagen og dra hysa. Overlærar Halvorsen var der mest kvar go’versdag og rundt han samla det seg ein liten flåte, for alle visste han hadde goe «med» og var bas-bas mellom hysefiskerane.

Mjelk kunne det vera uvisst med for dei som ikkje hadde fast mann. Men svikta hu ein kveld gjekk det godt med sirupsvatn te grauten. Det kom seg med mjelk då skårebuane opna utsal der Peder Storesund har butikk nå, og ennå bedre blei det då torvestadbøndene kom med sitt på hi siå av Haraldsgatå.

Smør kjøpte me av bøndene. Haringesmør var rekna som det besta. Men smøre var dyrt. Det kosta kr. 1,70 for kiloe og det var det mange som ikkje kunne betala når daglønå var kr. 1,60. Dei brukte smult eller sirup i sta’en. Smult fekk handelsmennene frå Holland i høge fint glasserte steintykrukker.

Så kom det i handelen noke dei kallte “Finsk smør”.

Det såg ut som mursteinsfarga talg som var pressa og stelt så det kunne smørast ut øve brøe. Men det var ikkje appetitleg og hadde ikkje meirsmak. Nei, det var noke heilt anna då Pellerins margarin kom i handelen.

Her er ei prislista på hushaldsvarer frå 9. januar 1892:

Lammakjøt kr. 0,80 pr. kg, sauakjøt 0,70, oksekjøt 0,70, smør, 1,70, margarin 1,20, nysilt melk 0,12 pr. liter, poteter 0,80 pr. 20 liter, kålrabi 1,00 pr. 20 liter, gulerøtter 1,00 pr. 20 liter, egg 1,20 pr. sneis, steinkol 1,20 pr. hektoliter, bjørkeved 18,00 pr. 2 meter, furuved 14,00 pr. 2 meter.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *