Internt referansenummer: 04.11.09 – A

Kilde:
I MANNS MINNE BAND I
Daglegliv ved hundreårsskiftet
Frå Nasjonalforeningens landskonkurranse for eldre
DET NORSKE SAMLAGET
OSLO 1967
Klikk her for å lese en kort biografi om Olav Omvik.
Klikk her for å lese ”Førordet”.

Husa i Omviketunet

Side0273

Viktigaste husi i tunet var sjølvsagt stovehusi som folket budde i. Stovene var røykstover med bjørkenever og torv og kambasteinar på taket og torvhalde-stokkar nedst på ufsene utan takrenner. Berre ei av stovene var utan ljore og hadde to glas i eine langveggen. Det var truleg den yngste av stovene. Dei andre hadde ljore i mønet mellom to sperrelag og eit lite glas i langveggen bort imot inste stovehyrna. Vår stove var truleg den eldste og hadde sikkert vore ombygd og påbygd i høgdi fleire gonger. Segni sa at ho hadde vore mysja (tetta) med klede mellom stokkane og ei tid vore tingstove. Alle veggstokkane var halvrunde på innsida, og dei nedste omfari mykje breiare enn dei øvste. Glaset hadde små ruter i blyrammer, og på utsida var ei treluke som vi lyfte oppføre og sette nabb under om kveldane i den mørke, kalde årstidi.

Det var utruleg så mykje ljos den vesle ljoren i takmønet sleppte inn. Glasramma var hengsla til ljorekarmen og kunne opnast som eit takvindauga, i mange stover med ljorestongi. Men hjå oss var det ei blokk oppi karmen og eit grant tau gjennom blokki. Ei alen lang jarnstong var med øvste enden fest i ljoreramma og med nedste i eine tautampen såleis at når vi drog i den andre tampen, opna ljoren seg. I storm såg far etter at ljoretauet var stramt fastgjort til ronda-beten. Det hende ein gong, hugsar eg, at stormen reiv ljoreglaset laust hjå grannen vår og slengde det ned i hagen hans. Far sa jamnast «sjåd’n» i staden for ljoren. Den nemningi skreiv seg truleg frå den tid då skjåskinn var nytta i staden for glasruter. I mi tid hadde vi ruter av glas, men mor hadde alltid ei skjålykt til bruk i uthus og kjellar. Lykti står på stabburet i full orden enno.

Gamlestova var stor og romsleg, og det kom vel med når heile huslyden skulle få sengeplass der. Stova, koven, gangsvali og bui var bygde saman i ei lån, men berre stova hadde torvtak og ljore. Koven og bui hadde lem, og veggstokkane var flathøvla på innsida, koven med eitt og bui med to glas. Koven var bygd atti dørtverrveggen i stova, så mykje smalare enn stova at der var rom åt svali langs koven. Så gjekk svali i vinkel om kovhyrna og tok då mellom koven og bui heile lånbreiddi og hadde dører ut på båe sider.

I eine kråi mot bu-tverrveggen var ei romsleg grue med gråsteinsmura skorstein og plass både åt bakstehella og ei stor gryte i skjerding. I andre kråi mot same veggen var bulems-troppi, og midt på same veggen budøri med smijarns beslag og lyklelås som i stabbursdøri. I svaldørene (utedørene) var der klinkelås, på utsida loddrett fast handtaksbøyel på smijarnsplata med ei liti lykleklinke som gjekk tvert gjennom døri og kunne vippa den horisontala klinka på innsida opp or haken i beiteskia (dørkarmen). På stovedøri og kovedøri var også klinkelås, men der var jarnvridar på innsida mot stuva og ikkje lyklelinke og handtaksbøyel.

Stovedøri og kovedøri var så låge at vaksne folk laut bøya seg når dei gjekk gjennom, og dørstokkane var høge. Kom ein inn stovedøri or svali, var kovedøri tett ved til høgre, og til høgre for den att stod kiste-kokomnen med to grytehol og røyr ifrå «tasjen» (firkanta malmkasse på omnen) og opp i skorsteinen som kvilde på tverrstrø ifrå rondabeten og bort i dør-tverrveggen. Mellom omnen og høgre langveggen var omnskråi med plass åt veden som vi bar inn or skytja. På langveggen der hadde mor hjeller (hyller) med plass åt kaffikvern og kaffitubb (boks), koppar og slikt. Ho brende kaffien sjølv i gryta. Far kjøpte han ubrend i byen når han var av med livande som skulle vendast. Mor kokte kaffien i fortinna koparkjel og kokte gruten fleire gonger med noko ny kaffi attåt til kvardags, men hadde berre ny i kjelen til storhelgane og når det kom framande.

Ifrå omnskråi og fram imot glaset stod ei seng (slagbenk til to). Innfor glaset stod det store trekvite klaffebordet som kunne slåast opp til langbord og var stødig og godt både til mat- og arbeidsbord. I kråi ved bordet hang ei liti hylle med bibel og andaktsbøker og ei hornskeihylle med skeiene våre. Ifrå kråi og langs tverrveggen bakom bordet stod ein benk (forsete), til venstre for benken ein slagbenk, så ifrå venstre kråi og langs venstre langveggen storesengi (fars og mors) med ei sengklemme mellom sengi og veggen og jamt med barnevogga på framsida av storesengi. Klemma hadde berre botn og tverrgavlar, for storesengi og stovelangveggen gjorde nytte som langsider. Klemma var sovestaden åt nest minste barnet, og der låg eg mang ei natt trygt og godt etter at far hadde minna meg om kveldsbøni han hadde lært meg:

”Jesus og Guds-englane må passa meg i natt og adle so finst i verdo!”

Endå var der ei dobbelseng ved venstre langveggen og imot kråi ved dør-tverrveggen ei liti hylle med kruskjerald. Men ifrå kråi på tverrveggen og bort mot stovedøri var ei stor mjølkehylle. I den stod også drikke-krusi som mor heldt friskt blandadrikke i åt oss (surmjølk og vatn). I koven var ei liknande hylle, eit lite bord og seng. Seng var der også i bui (gjesteseng) og på bulemmen. I stova var to rondabetar, og mellom dei var det spent ein streng som lampen hang under såleis at han skulle skuvast fram til bordet eller dit vi trong beste ljoset.

Midt på inste tverrveggen hang stoveklokka, ei loddklokke med rosemåla talskive og lang pendel, men utan ståande klokkekasse som den i grannestova hadde. Stoveglaset vårt snudde rett imot vegen, så vi kunne halda auga med all ferdsla både oppover til dals og nedover til sjøs og til bygdar. Særleg preikesundagar var det mange på vegen, og Sjur Bakka lengst ovantil dalen var gjerne fyrste mann på kyrkjeveg, endå vegen hans var dobbelt så lang som vår, og vår kyrkjeveg tok over ein time å gå. Alle friske folk gjekk. I gravferd og bryllaup også. Men likkista vart køyrd med hest og høykjerre. Der var mykje å sjå etter, men mor stagga på ungane, så vi ikkje stakk oss for mykje frami glaset. Det såg så forvite og gape ut, sa mor.

I bui stod gjestesengi og dei store rosemåla klekistene. Ein liten spegel hang på veggen mellom dei to buglasi, og under spegelen stod eit lite heimelaga trekvitt bord. I eine hyrna var der kråskåp, blått med raude smale lister rundt fyllingane i døri. Raudmåla lister var der også øvst på veggene under lemmen. På buveggene hang kyrkjekleda til huslyden. Ved eine veggen låg renningsbommen samanslegen, og der stod «støyrene» og dei andre delane av vadmåls-vevstolen. Og så hang der store nystehenker, varp og veft, som fortalde om onnug vinterarbeid ved rokken. Far hadde det store æseskjeret ståande i eine kråi til ølbryggingi frampå våren. Ubrukt var det gjerne fullt av lagga-kjerald, bytter, strippe, stampar, etter kvart som far fekk dei ferdige om vinterkveldane.

Der rann ei flaumelv ned lii ifrå seterstølsmyrane og nedåt storelvi som kom ned dalen og til sjøs. Ved denne flaumelvi (Tveit-elvi) var mange kvernhus. Vårt var tre mann om, eitt var to om, og ein hadde kvern åleine. Og så åtte ein av grannane våre vadmålsstampa.

Å sjå den i arbeid og høyra larmen når det svære overfallshjulet setts tre par stampeplankar i gang så dei vekselvis lyftest opp og datt til endes ned på dei våte vadmålsrullane i bryene, det var for gutungane mest endå løgnare enn å sjå når kverni mol.

Så var der naust med færingsbåtar i ved sjøen, einmanns eller tomanns med to båtar i. Alle nausti var av gråsteinsmur like under taket. Stølsseli på setri var også gråsteinsmura med torvtak. Nausti hadde steinhelle-tak. To mann var saman om mjølkesel, to andre hadde kvar sitt. Men alle fire var saman om legeselet, der sengi og kokomnen stod. To budeier mjølka kvar kyrne åt to mann.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *