Internt referansenummer: 11.03.2011 – II – BOK
Kilde:
EG MINNEST
Nils Sund
Klikk her for å lese en «minibiografi» om Nils Sund.
Nils Sunds forlag
Haugesund 1951
Nils Sund trykkeri, Haugesund
Klikk her for å lese innledningen

 

Husbuna før i tida

Det har vore mange motar i husbunaen. Ei tid var det plyshmøbler, pipebord med langpiper og tobaksboks, etasjerar og svære palmer på dreidde svartlakerte soklar. I vinduene sto kala’er, tøfler, kristi blodsdråpar og myrt. Myrtane blei klypte i alle slags fasongar. Det var om å gjera å ha mange ulike liksom med kaktussar seinare. Brurer fekk myrtegreiner te krans hos skyldfolk og venner.

På skap, kommode og hyller sto fine krukker med makardbukettar, som husmødrene hadde laga av farga strå og kvister. Eg har mangein gong lege på magen ute på markene og kikka gjenom grase etter «silkestrå» og «bevende hjerter» te mor mi.

Ei tid var det mote med posementarbei. Det sku vera duskar i sofahjørner, sofaputer og pyntedukar. Her reiste damer frå by te by og lærte husmødrene å laga makardbukettar og posement.

På ettersommaren var me bådnå ute på markene og samla kvitkløver te mor. Hu la blomstrane lagvis i potpurrikrukker og strødde fint salt mellom kvart lag, kanhenda litt kongerøykelse Og. Det same gjore hu med bla’r av prestegarsroser som me hadde nok av i hagen. Når det hadde gjært frå seg utpå hausten, lukta det godt. Ein klyp på varme omnen gjore lørdags- og sundagskveldane sers koselege.

Ei tid var det på moten med visitkort. Kor ein kom sto visitkortskålå på bor’e. Te fullare te grommare. Det same tok seg oppatt med prospektkort. Nå er dei vekke, både dei og og dei gamle fotografialbummane — endåte dei som det var speledåse i.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *