Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE (1868 – 1923)
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Husdyri

Finnskot

Avskore hår og negler som ikkje vart kasta på elden, tok trollkjerringi og laga firmball av det.
(Karen Beintsdtr. Lunde)

Rakel Eig hadde sett finnball. Det var fleire små kulor som hekk ihop etter ein seig streng.
(Gunhild Knutsdtr. Eig)

Dei hadde funne finnball-kula i ein bås på Kimestad.
(Gurine Kimestad)

Ånon Mortensson Hævåger (frå Lauvdal, 1798-1882) bora kyrne for finnskòd.
(Elisabet Kristiansdtr. Hævåger)

Mari på Likkhella bora au for finnskòd. Dei kunde kjenna kvar det sat, og der bora dei med tummelfingeren.
(Sesilia Andreasdtr. Lunde f. 1844)

Dersom finnskotet trefte framme, låg kyrne oftast daude. Det var mindre fårlegt når det sat lenger bak.
(Lars Gunnårson Repstad)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *