Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE (1868 – 1923)
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Husdyri

Torebløygen på Åros

Fredrik Nilsson Åros (f. 1844) hadde ein torebløyg. Han hadde falle ned igjenom huset i eit torever umlag 1750, sa dei. Han fòr igjenom taket, øvsteloftet, loftet, golvet og eit stykke ned i jordi. Han var på lag 25 cm lang og 5 cm tjukk; i den eine enden var han avrunda som eit egg, den andre enden var noko breidare og som ein økse-egg på skap. Han var svart på lit, og svært hard.

Dei gamle trudde der var lækjedom i slike steinar, og torebløygen på Åros vart nytta til lækjeråd for sjuke kyr so seint som 1860 eller der ikring. Anten la dei heile steinen i vatnet som den sjuke kui skulde drikka, eller so skov dei noko av steinen og hadde det i vatsbytta.

Nils Åros, far til Fredrik, heldt steinen svært mæt. Der var ein engelskmann som baud 50 dalar for han, men Nils vilde ikkje selja han.

Fredrik vilde ikkje heller vera av med eit sovore synbert teikn på «Guds almagt» som han sa. Men då han var død, selde dotteri steinen til Universitets-samlingi for 20 kronor umlag 1910.

Det skulde vera ei øks frå steinalderen, hev dei sagt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *