Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE (1868 – 1923)
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Husdyri

Verneråder

På Astøl (hjå foreldri til forteljaren) hadde dei uheppa på ei ku. Då dei fekk ei ny ei att i staden, gjorde dei det dei visste til å trygda den.

Dei la ei skora under svilli då dei leidde henne inn i fjøset. So gav dei henne høy av ein hatt som det låg ein lykill i. So hogg dei ei flis av badstoveveggen, yver døri, med eit kvistehol i. Og igjenom det holet let dei renna noko vatn som kui skulde drikka. Det måtte vera umlag midt i 1850-åri det hende.
(Abel Bessesdtr. Lunde f. 1844)

Kona til Gunnår Astøl, Maria (f. 1825), slo tri gonger med ein eldsnart i bytta fyrste gongen kui skulde drikka etter kalvingi, og so sa ho:

– ”I Guds navn!”

Det var i 1880-åri.

Maria og forteljaren sette jordeple. Der var nokre ørsmå raude dyr i åkeren.

– ”Tak upp eitt, og drep det med den høgre litlefingen!” sa Maria.
– ”Kvifor det spurde den andre.”
– ”Det skal du få greida på seinare. Berre gjer som eg segjer!” sa Maria.

Då det var gjort, sa ho:

– ”Nå' i kyr feile noe, ska du bor' enn tri gonge me den fingeren i nasebore imod sola, sò ska o bi go atte.
(Tomine Ausland)

Når Maria Åstøl tala um gamle råder eller gamall tru, kom det gjerne etterpå:

– ”Ja, di segje so. Om d'e noe å tru på, de veid e ikkje.”
(Jon Knibe)

Når dei løyste ut kreturet, sa dei nokre ord, og bad ”at di måtte gå inn så vel som di gjekk ud”.  (Abel Bessesdtr. Lunde f. 1844)

Då forteljaren gjætte (i 1860-åri), sa dei til henne at ho måtte alltid segja: ”I Jesu navn!” for kvart dyret ho løyste ut om morgonen. Då kunde ho vera trygg imot udyr og alt anna vondt.
(Gurine Kimestad)

Dei krossa yver kreturet og las fadervår når dei slepte det ut.
(Tomine Ausland)

På Tjådelland vestanum elvi millom Repstad og Tronstad-vatnet hev stade hus ein gong for lenge sidan. Kona brukte å lesa yver kreturet når ho slepte det på skogen på austsida av elvi. Ein gong ho ikkje hadde tid sjølv, bad ho gjenta løysa ut kyrne, og lesa fadervår når ho slepte dei. Gjenta las ikkje yver dei som ho var tilsagd, og den dagen kom bjørnen og tok ei ku (eller kann henda det var fleire) ved Tjådeltjønn-kjerret.
(Ludvig Repstad)

Stina Andersdotter, syster til Beint i Oddann, tente hjå Torgjus Ørmestad i mange år til umlag 1890. Når ho slepte ut kreturet, krossa ho kvart dyret yver ryggen med fingeren og sa:

– ”I Jesu navn! Dokke ska komme igjen sò møe trinnar ò bèr, for nò e grasse sò godt ò feitt!
(Gustav Skarpeid)

Dei strauk strauk tjørekrossar yver ryggen på kreturet til vern imot skrubb og bjørn. Tjøra måtte vera brend jonsokkvelden.
(Gustav Skarpeid)

Ein måtte ikkje driva kreturet med borkeflette kjeppar. Då kom skrubben og tok det.
(Gustav Skarpeid)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *