Internt referansenummer: 28.04.09 – A
Kilde:
GAMMAL GRUNN Folkeminne frå Land
NORSK FOLKEMINNE BAND I
Av: Ragnvald Mo
NOREGS BOKLAG 1976
Klikk her for å lese føreordet

 

Husmannen på ein gard i Fluberg

På ein gard i Fluberg hadde husbonden ord på seg for å vere stri ved dei som var der i arbeid.

Serleg i våronna fór han og dreiv kring arbeidsfolket og masa på.

Han brukte skråtobakk og hadde den vanen han snudde skråa mellom framtennene.

Ein vår var det ein svenske der og arbeidde. Husbonden gikk over, og han syntes ikkje det vart nok gjort.

Da sette svensken stokken i bonden. I fullt sinne rente han borttil, la ei hand på kvar skulder og sputta bonden i andletet.

«Jag skall lura dig at venda bussen,» sa svensken.

Svensken fikk oppsagtsetel, veit du. Han fór dagen etter.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *