Internt referansenummer:B-000015
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen IV
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 83
OSLO 1959
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese ”Etterskrift”

Hytt-sletta


I skogen austafor skulen i Skåbu ligg det ei litor slette og ei framifrå go' vasskjelde. Bygdafolket nemner desse for Hytt-sletta og Hytt-slettkjelda. Ei gomol segn fortel um desse slik:

Umlag tvo hundre år sia livde ein vei'ar og skyttar her, som heitte Aksle Hauga. I dei tiom var det nøgda villrein i fjellom, og i skogliom gjekk elg og bjønn. Det har vore mange glupe skyttarar i Skåbu, og millom desse har Aksle Hauga vore nemnt som ein av dei likaste.

Så hende det at det kom ein rekarfant gjennom bygda, og han var av dei verste tå det slaget, og da han tenkte seg over fjellet, fann han seg likeså godt ein hest å ri på, så kom han raskare fram. Men hadde han visst kem som åtte hesten, var det vel uvisst um han hadde valt den, for det var hesten hans Aksle han hadde tiki. Og da Aksle fekk greie på at fanten hadde tiki hesten hans, greip han børsa og la etter. Fanten tok vegen burtover mot Heimdala, og hadde alt fått ein go' undamon da Aksle la åt. Men han kjende alle stigan og beinvegan og var så lettfløygd at han drog innpå fanten lite um senn, og da fanten var ved Hindøgla, var han Aksle der med. Men han hadde nok hadde eit auga bakum seg, han som rei' med, og nå sette han på elva. Da han var midt uti komen, ropa han attende til forfylgjaren sin at nå skulde han bli att. «Bi nå lite,» ropa han Aksle. «Du er ikkje over bekken kome ennå, du hell,» sa han, og så la han børsa upp åt auga og skaut fanten så han datt av hesten.

Etter detta tok han Aksle til å bli uroleg. Han hadde da støkt eit liv, og um det berre var ein rekarfant og hest-tjuv, så var det nok uvisst um han fekk gå fri, dersom øverheita fekk snus'n ti det. Han kom til at det var tryggast å finne seg ei gøymsle, og så leita han seg ut eit lugumt stelle i skoga ogofor garda sine. Der bygde han seg ei hytte og heldt seg der ei ti'. Han tenkte vel at med tia vilde denna saka koma i gløymeboka, så han kunde sleppe å koma for retten.

Men det var nok gjeldande det gamle ordet at lova har lange armar, og det fekk han Aksle og sanne. Han kom for retten. Da han skulde fortelja korleis det gjekk til med honom og fanta, sa han at han sikta berre på armen og tenkte han skulde hefte han med det. «Det var rart du ikkje heldt på kroppen da, lell,» sa skrivar'n. «A. ja, kanskje eg snerta hin på sia lite au,» sa han Aksle.

Segna seier at han Aksle gjekk fri for dom og straff. Hytta han bygde åt seg, er burte, men sletta og kjelda er der og minner um han Aksle.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.