Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

I den gamle fjellstua…

 

I den gamle fjellstua ved reisvegen millom Gradis og Merkesnes har dei medkvart vorte ute for noko rakkarsmakt. Han Per Sørsa var ein av dei; han og nokre andre var reisande aust. So myrkna dei ute på fjellet; og tok inn i denne stua.

Jaha. Vel dei hadde kvara seg, tok dei til å få det so ufred-samt der; det var fyrst nokre dunsar i veggen. So medkvart var det som ein støvelmann hadde vandra etter golvet. Og på dette viset kom dei til å få ha det alder so lenge; so dei smaka ikkje svevn på heile natta.

Fleire har vorte ute for det på same måten; soleis han Jonas Larso i Trolien.

Eg og seks andre var på svensktur ein hausten. Og tok då hus i denne stua. Leidpå fekk vi denne uroa; det var fyrst ein dønder i veggen og straks deretter ein til.

«Ein tel dask no, so kjem e ut!» ropa eg.

Vi slapp bia. Då var eg tok ein eldbrand av gruva; for so ut og lyste rundt kring veggene. For eg tenkte ikkje anna enn det var ein reinokse som for der og vasa. Men der vistes ikkje noko. Det vart no tyst ei økt, og eg la meg til; men eg påla dei andre å vekk åt meg, um dei kom til å få høyra meir. Ja, seinare på natta hadde det bore til att å slå i veggen; og deretter var dei der desse fotslaga eg før har tala um. Men eg fekk inkje høyra av dette; for dei vekte ikkje åt meg.

Vi kom aust til Arjeplog. Og kam der i tal med to prestar. So fråga eg dei ut, um dei hadde nokor tru på hulterskap. Men prestane vilde ikkje inn på dei notane; dei slo det berre burt i anna, og meinte på det vi hadde skræmt oss sjølv. Og noko anna svar venta eg no ikkje frå den kanten. For desse som er lærd og skola, er på ein måte, ‘notes alle, dei vil ingenting tru (Saltdal).

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *