Internt referansenummer: 26.05.09 – A
Kilde:
GAMALT FRAA NUMEDAL V.
Av:
TOV FLATIN
Les om Tov Flatin på www.wikipedia.no
Les om Tov Flatin på Store Norske Leksikon
KRISTIANIA OLAF NORLIS FORLAG 1923
PRENTA HJAA NIKOLAI OLSEN
Klikk her for å lese førerodet

I den stundi ho andast, so synde ho seg…

(Fraa Vegglid)

Eg hev høyrt ei segn um, at det skulde vera ei gjente i Vegglid og ein gut i Rollag, som var no forlova. Den eine taa dei var kje tru, eg veit ikkje anten det var guten eller det var gjenta, men helst var det vel ho. Hoss’n no detta var, so gifte gjenta seg med ein annan ein. Men i den stundi ho andast, so synde ho seg for den, ho fysst var forlova med. Det var noko, ho vilde segja ‘n; men haa det va, det hugsar eg ikkje.

*     *     *

Eg veit ikkje, um det var same presten, som hadde Svartekonstboki; men det var det vel ikkje, elles so hadde han vel visst, kvar kjede til frua var, med, so det var vel ein annan.

Men eg hev høyrt dei fortalde, at saueflokken i Prestegarden hadde komi burt, og dei leita til inkjest etter ‘n i mange dagar. So skulde presten med bli med daa. Dei som var med og leita vilde draga i ei leid, men presten meinte daa, dei laut paa andre kanten, skulde dei finne saudine. Presten gjekk fyre, og dei andre etter, og daa gjekk dei beint paa flokken med ein gong.

Dennan same presten var til byen ein gong, baade han og frua, hev eg høyrt fortalt daa. Med dei sat tilbords og fekk seg mat til kvelds, so visste dei ikkje av, fyrr presten sette i aa be. Dei lura paa, haa det kom over ‘n. Men so sa ‘n, at tenestgjenta i Prestegarden hadde friarar, og daa gjekk ho netupp ned i kjellaren og henta upp øl for ‘n. Og sant var det nok som presten sa. Men gjenta, stakar, hadde vori væl svintin av seg og ikkje sett tappen godt att i tunna – for øle var nedrent, daa prestefolki kom heimatt.

yr Klikk for værmelding for Veggli

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *