Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland I
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG XVII
Oslo 1928
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese «fyreordet» (Med bilde av Torkell Mauland)

I Dyreskardet

I Dyreskardet sunnanfyr Halsarne (i Skaare) skal det og hava vore ein ut-burd. Det skulde vore ei gjenta som fekk barn; men ho vilde ikkje at nokon skulde vita um det, og so drap ho barnet og grov det ned millom nokre steinar der i skardet. Paa den sta-den høyrde folk sidan eit underlegt rop. Det kom seg vel av at den daude tingen ikkje kunde faa fred, sidan han ikkje hadde fenge namn; men dette visste ingen, og folk trudde helst det var ei huldr som ropte.

So var det ein sundags-kveld at ein flokk med gjentor gjekk framum skardet, og i flokken var ogso ho som hadde aatt bar-net. Daa høyrde dei ei fæl remjing, mykje høgare en fyrr. Daa snudde denne barnemori seg og ropte: «Hald kjeften, heiagap !» Med same dette var sagt høyrde dei ein fælt laatt, og so sa det: «Mor mi kallar meg heia-gap!» Det høyrde heile gjenteflokken, og daa tok dei mistankar. Gjenta laut seinare ganga ved alt ihop.

Elles var det nog andre ting og, som gjorde det utrutt paa den staden. Med Halsarne budde Halse-mannen i ei hola, og alt folk var redde aa ferdast der naar det var myrkt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *